Referat frå møte i Næringsgruppa 31.05.16
Stad og tid: Flem skule kl. 19.00 – 21.00
Medlemer til stades: Rolf Longva, Birgit Kjerstad, Lisbeth Austnes, Jonny Magne Flem, Rita Kvinge og Knut Flem.
Forfall: Karoline U. Øines og Johan Longvanes
Sak 1. Registrering av arbeidsplassar/næring
Her står det framleis att litt opplysningar om areal og arbeidsplassar i landbruk og havbruk, samt oversikt over industribedrifter og serviceverksemder.
Også bilder til illustrasjon ved publisering på nettsida manglar, men det skal vi ordne etter kvart.
Sak 2. Seminar/konferanse med fokus på marin sektor
Opplegg og innhald i konferansen vart mykje diskutert, og kan oppsummerast slik i stikkords form:
- Dag og tid: tysdag 20. eller 27. september kl. 17.00 – 21.00
- Stad: Nordøy grendahus
- Konferansen skal vere open for alle
- Inngangspris: kr. 100,-
- Matbit – gjerne marin spesialitet laga av spesialist
- Fire bolkar med fire foredrag + spørsmål og idémyldring
- Innleiande foredrag kan vere om næringsutvikling generelt, resten om marine muligheiter
- Økonomi: bygdemobiliseringsmidlar, deltakaravgift, evt. tilskot frå kommune og fylke
.
Knut har vore i kontakt med potensielle foredragshaldarar, og vi ventar på tilbakemelding frå dei før innhald og tema vert endeleg bestemt.
Når det gjeld posten «matbit», vil Rolf kontakte folk som har kunnskap og ekspertise på å lage mat av marine råstoff.
Det var stemning for å invitere 10. klasse på ungdomsskulen og vidaregåande skule til konferansen. Knut tek kontakt med dei respektive rektorane om dette.
Sak 3. Framhald på «brainstorming» frå førre møte
Kvar av medlemene skulle plukke ut eit tema frå idémyldringa som ein hadde sansen for og seie nokre ord om det. Tema/idéar som vart omtalt:
- villsau
- dyrepark
- jordbruk
- spa
- reiseliv og rekreasjon/sunn mat
Sak 4. Starte «utviklingsforening»?
Det vart brukt så mykje tid på dei andre sakene at denne måtte gå ut. Ho vil bli teken oppatt på neste møte.
Neste møte vert torsdag 16. juni kl. 19.00.
Referent: Knut Flem