Referat frå møte i Skulebu-gruppa 02.12.15
Stad og tid: Fjelltun 75 (heime hjå Knut Flem) kl. 18.30 – 20.30.
Til stades: Arnfinn Flem, Kåre Flem, Jan Arne Longva og Knut Flem.
Forfall: Severin E. Longva
Sak 1. Ny leigeavtale med grunneigarane på Ner-Longva
For å få tilskot av spelemidlane må vi ha leigeavtale på tomtegrunn for hytta på minst 20 år. Denne minstetida gjeld frå det tidspunkt vi får tilsagn om spelemidlar. Dette vil kome om tidlegast to år, og dermed er leigeavtalen vi alt har fått, som er på 21 år, litt for knapp. Difor må det ei ny runde til for å få ein lengre avtale, og denne gongen vil vi be om ein leigeavtale på 30 år.
Kåre får underskrifter med dei grunneigarane som bur i byen, Jan Arne med dei på øya her, og Knut ordnar med dei som må sendast i posten.
Sak 2. Søknad om frådeling av hyttetomta
For at jordskifteretten skal kunne matrikulere Skulebu-tomta (tildele eige bruksnummer), må kommunen gi løyve til frådeling av tomta. Søknaden må alle grunneigarane signere, eller dei kan gi nokon fullmakt til å søkje om frådeling på deira vegne. Vi går for alternativet med fullmakter, og desse blir å innhente samtidig med underskrifter på ny leigeavtale.
Sak 3. Byggestart
Søknaden om «idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning» av Skulebua er no imøtekomen, og dermed er det klart for å starte å lage hytta. Det er avtalt med N.L. Austnes at vi kan halde til i deira lokale med å bygge modulane. Planen er å lage vegger, tak osv. ferdige i vinter/vår og frakte dei opp på Skulen til sommaren og montere hytta ferdig der.
Vi prøver å få til eit møte med N.L. så snart som råd for å avtale når bygginga kan starte, plass å halde til og andre praktiske ting.
Sak 4. Tilskot frå Sparebanken Møre
Skulebua har fått 25.000 kroner frå Sparebanken Møre. I tildelingsvedtaket heiter det at tilskotet er gyldig i 1 år frå tildelingsdatoen, som var 13.05.15. Knut kontaktar banken for å høyre nærmare om vilkåra, om det til dømes held at hytta er påbegynt innan eit år er gått.
Referent: Knut Flem