Referat frå møte i Skulebu-gruppa 04.02.16
Stad og tid: Sjurgarden kl. 16.00 – 18.00.
Til stades: Arnfinn Flem, Kåre Flem, Jan Arne Longva, Severin Longva og Knut Flem.
Sak 1. Takvinkel på hytta
Det har tidlegare vore operert med ein takvinkel på 22o . Men dette er i minste laget, var det semje om, og det vart vedteke at takvinkelen skal vere 27o.
Sak 2. Vindauge
Det er tidlegare bestemt at vindauga skal vere 80 cm høge og vel to meter lange (heile lengda på veggen minus naudsynt «fribord»). Diskusjonen har dreia seg om ein midtstolpe skulle dele glaset i to, eller om det skulle vere eitt stort glas. Det vart bestemt å gå for heile vindauge utan midtstolpe.
Sak 3. Materialval og tekniske løysingar
Val av material til bordkledning og ymse tekniske løysingar vart diskutert; nemnast kan
- ålesundspanel som ytterkledning
- dimensjon på stavane: 2″ x 4″
- skruar i staden for spikrar
- ikkje isolasjon i veggane
Sak 4. Oppstart av arbeidet
Arnfinn og Jan Arne syter for å kome i gang med byggearbeidet. Når arbeidet er i gang, vil vi prøve å rekruttere fleire snikkarar. Bygginga av hyttemodulane skal utførast i lokala til N.L. Austnes.
Sak 5. Loggføring
Det er viktig å føre rekneskap med prosjektet – kva arbeid som vert utført og kva byggetilfang som går med. Difor skal det førast logg både over arbeidet (m.a. dugnadstimar) og over material som vert teke ut på N.L. Austnes og brukt på Skulebua.
Referent: Knut Flem