Referat frå møte i Skulebu-gruppa 19.05.15
Stad og tid: Gunnabuda kl. 20.30
Til stades:
Kåre Flem, Severin Longva, Arnfinn Flem, Jan Arne Longva og Knut Flem
Sak 1. Val av leiar og skrivar
Severin Longva vart vald til leiar og Knut Flem til skrivar.
Sak 2. Grunnen der Skulebua skal plasserast
Grunnen der hytta skal plasserast er felleseige av grunneigarar på Longva. Planane om oppføring av hytte på Skuletoppen har vore kunngjort ved oppslag på butikken i lengre tid. Ingen har kome med motsegn mot planane, og grunnspørsmålet vert difor rekna som avklara.
Sak 3. Byggeløyve
Sidan hytta blir under 50 kvm er det uklart om det må søkjast om byggeløyve. Severin kontaktar folk i kommunen som kan svare på dette.
Sak 4. Plassering
Staden Skulebua skal plasserast må bestemmast m.a. ut frå omsyn til fuglefredingsområdet. Arnfinn, Jan Arne og Knut går opp på Skulen med kart og finn ei høveleg plassering for hytta.
Sak 5. Form og storleik
Hytta skal vere åttekanta; kvar side blir 2,5 meter lang og arealet om lag 30 m2.
Sak 6. Byggemåte og val av material
Ulike byggemåtar og typar material vart diskutert. Eit alternativ er veggar av betong som vert kledd med skifer utvendig og treverk innvendig. Skifer på taket òg. Ein annan metode er å bygge heile hytta i tre. Det vart ikkje teke nokon endeleg bestemmelse.
Jan Arne undersøkjer nærare om betongkvalitetar, og Knut sjekkar opp muligheitene for å bruke massivtre.
Sak 7. Vindu og informasjonsplakatar
På kvar vegg skal det vere to vindu på om lag 1,0 x 0,7 meter. Under vindua skal det monterast plakatar med informasjon om geografien ein ser ut av vindua.
Kåre undersøkjer om H-vinduet vil sponse vindua og døra.
Sak 8. Benkar og grill
Benkar til å sitje på vert montert langs veggane, og der vil òg bli laga ein grillplass.
Møtet slutt kl. 22.15.
Referent: Knut Flem