Referat frå møte i Skulebu-nemnda 28.08.2018
Stad og tid: Flem skule kl. 19.00
Desse møtte: Arnfinn Flem, Kåre Flem, Jan Arne Longva og Knut Flem.
Forfall: Christian Rønning (forsømt innkalla), Severin Longva
Sak: Framlegg til vedtekter, mandat og instruks for Skulebu-nemnda
Sidan den gamle Skulebu-nemnda no skal slutte, var det betimeleg å få på plass retningsliner for nemnda når ei ny skal i funksjon. Gamlenemnda laga på møtet følgjande forslag til vedtekter m.m.:
A. Vedtekter
- Skulebu-nemnda er ei undergruppe av Øyrådet.
- Nemnda skal ha 3 – 5 medlemer. Talet bestemmer nemnda sjølv.
- Nemnda vel sjølv nytt medlem når nokon sluttar. Nye medlemer skal meldast til Øyråd-styret.
- Nytt medlem vert valt for 1 år, men kan stå så lenge han/ho ønskjer.
- Roller og ansvar i nemnda fordeler medlemene seg imellom etter behov.
B. Mandat og instruks
- Hyttenemnda tek avgjerd i alt som har med Skulebua å gjere.
- Hovudoppgåva til Skulebu-nemnda er tilsyn og vedlikehald.
- Skulebu-nemnda kan kjøpe materiell til vedlikehald (t.d. beis og målarkostar) og mindre reparasjonar. Ved større utgifter må Øyråd-styret konsulterast.
-
Ei kort melding til Øyrådet si årsmelding bør leverast før årsmøtet.
Forslaget vert lagt fram for dei nye medlemene i Skulebu-nemnda før endeleg godkjenning i Øyråd-styret.
Møtet slutt kl. 20.10
Referent: Knut Flem