Referat frå møte i Skulebunemnda 02.09.16
Stad og tid: Sjurgarden kl. 16.00 – 19.00
Til stades: Severin Longva, Arnfinn Flem, Kåre Flem og Knut Flem
Forfall: Jan Arne Longva
Sak 1. Dugnad søndag 4. september
Søndag 4/8 vert det dugnad frå kl. 10.00 for å legge på takpapp, sløyfelekter, steinlekter og taket av impregnert malmfuru (så langt ein kjem).
Forarbeid er å pusse kanten på taktroet og snike tjøre på kanten.
Arnfinn og Knut sjekkar at der er nok skruar av rett dimensjon og bestiller evt. meir frå N.L. Austnes.
Lektene bør leggast så tett som mogleg (utifrå tilgjengeleg material) – det styrker taket.
Naudsynt verkty er tapetknivar og hammar.
Dugnadsfolk som har meldt seg: Johnny Austnes, Bjørnar Otterlei, Terje Slyngstad, Bjørnar Flem, kanskje Uwe Kleinhans og muligens Bjørn Longva. I tillegg stiller Arnfinn, Kåre og Knut.
Sak 2. Styrking av hytta
Hytta har mange svake punkt som ikkje vil stå for ein orkan; det gjeld særleg hjørna og taket på endane. Følgjande styrkingstiltak skal gjerast:
- Jarn på alle hjørnestolpane utvendig – frå stolpen og heilt opp. Arnfinn skaffar jarn på Rolls-Royce og får dei knekt i 45 graders vinkel og høla på Aakre. Knut hadde forslag om dobbelt lag for å gjere det stivare og unngå skøyt, men bestemmelse om dette vart ikkje gjort.
- Jernramme over vindua på utsida rundt heile hytta. Jarna vert skrua saman og stramma på kvart hjørne. Kåre ordnar med jarn.
- Jarnplate i alle hjørna på innsida over vindu. Arnfinn ordnar med jarn.
- 10 cm firkantrør midt på sørvest-veggen som går frå stolpen til dragaren. Påsveist vinkel som vert festa oppunder dragaren, med støttestag ned på firkantrøret.
- Styrke veggen mot nordaust med bjelke utvendig e.l.
- Knyte takbjelkane sterkare saman i mønet.
- Lage ein halv meter lang vegg i kvart hjørne som vert kledd med kryssfinér.
- 2 stk. wirar aust/vest som ligg under hemsen.
- Feste for wirar diagonalt frå topp til golv som ekstra stormsikring.
- Bardunar på hjørna mot søraust, sør, vest og nordvest. Eventuelt feste for bardunar på dei andre hjørna som ekstra stormsikring.
Sak 3. Veritas
Severin kontaktar Det norske veritas med uforpliktande forespørsel om muligheita for å kontrollere styrken og stabiliteten på Skulebua.
Referent: Knut Flem