Referat frå møte i Skulebunemnda 07.09.17
Stad og tid: Sjurgarden kl. 13.00
Attåt møtet var det kaffi, wienerbrød, kake og frukt.
Medlemer til stades: Severin Longva, Christian Rønning, Jan Arne Longva og Knut Flem.
Forfall: Arnfinn Flem og Kåre Flem
1. Webstasjon og verstasjon
Christian har jobba ein heil del med dette prosjektet og er no så å seie i mål.
Frå Anda-Olsen AS er det innhenta tilbod på straumopplegg som inkluderer mellom anna solcellepanel og batteri pluss naudsynt tilleggsutstyr. Prisen er kr. 26.440. I tillegg kan det bli tale om utstyr for fjernovervaking til ein pris på kr. 3.425.
Webkamera og verstasjon med naudsynt tilleggsutstyr kjem på kr. 26.900, ifølgje tilbod frå Longvastøl Data, Skodje. Dette inkluderer 4 stk. kamera slik at det blir 360 graders dekning.
Dersom alt går etter planen, vil utstyret bli levert og montert i løpet av 3 – 4 veker.
Når Skulebu-gruppa vel å gå for ei såpass ambisiøs løysing, er det fordi Christian har fått sponsoravtalar som dekkjer storparten av kostnaden. Som gjenytelse får «støttespelarane» profilere seg på nettsider som webkameraet og verstasjonen vert tilgjengeleg på.
Chistian er òg i dialog med Sunnmørsposten om eit samband mellom deira nettsider og vårt webkamera.
2. Helikopter til Skulebua
Sidan det dårlege vêret hindra helikoptertransport opningsdagen, vil det bli gjort eit nytt forsøk helga 23. – 24. september (helst laurdag 23.). Flygestart ca kl. 13.00. Dette vil bli annonsert med plakat, på Facebook og på nettsida til Øyrådet. Påmelding til Coop Marked seinast onsdag 20/9. Severin snakkar med Nord Helikopter og Knut med butikken (set også opp plakat der). Dersom det ikkje blir godt nok vêr den nemnde helga, prøver vi første helg deretter med bra forhold. Dei som melder seg på i første omgang forblir påmeldt til dei melder seg av.
Møtet slutt kl. 14.30
Referent: Knut Flem