Referat frå møte i Skulebunemnda 08.05.17
Stad og tid: Sjurgarden kl. 14.00
Før og under møtet vart det servert spansk skinke med Rioja vin til, samt kaffi og kaker.
Medlemer til stades: Severin Longva, Kåre Flem, Jan Arne Longva og Knut Flem.
Forfall: Arnfinn Flem
Christian Rønning møtte for å orientere om sak 1.
Sak 1. Webkamera og verstasjon
Christian orienterte om stoda i denne saka. Det vert satsa på ein pakke med fire kamera med 88° vinkel på kvart. N.L. Austnes vil sponse verstasjon. I tilfelle gratis verstasjon frå Harøya, kan sponsinga eventuelt gå til webkamera. Det er planlagt med 300 W solcelleanlegg; vert vurdert å gå opp i 500 W, eventuelt spe på straumforsyninga med ein vindturbin.
Christian vil også sjekke om websystemet slår seg på automatisk når der er nok straum, etter å ha blitt utkopla med for lite straum.
Sak 2. Økonomi
Stoda for økonomien vart gjennomgått. På kontoen er pr. 08.05.17 kr 101.000, som motsvarer om lag forventa utgifter til fullføring av Skulebua.
Sak 3. Status for gjenståande aktivitetar
- Golvet: nytt lag oppå eller sliping og lakking
- Eldstad – omn og grillar (Kåre kjøper 2 stk. Nordic Season Kingston grillar à kr. 990)
- Pipe og hette + vifte?
- Underlag (Arnfinn)
- Utforing og listing av dør, listing av vindauge (innv. og utv.) og hjørnelister ute (+ rest hjørnebeslag)
- Fullføring av hemsen + kant rundt holet + oppgang/loftstrapp
- Tetting ved rafta ute og inne (og rundt glasa mot sørvest)
- Lukkemekanisme på døra
- Måling utvendig og innvendig (Knut)
- Montering av underlag for infotavler
- Montering av skap for brannslokkingsapparat
- Montering av benkar (Jan Arne)
- Oppslag: om rydding/renovasjon + støttespelarar (+ om låsing av døra)
- Fylle resten av sekkane med stein (Jan Arne + skaffar nokre fleire sekkar)
- Helikoptertransport så snart alt er klart; alt som skal opp må pakkast i høvelege hiv
- Lage sitjeplass og platting av stein rundt hytta
- Ei stor helle ved inngangen
- Stoppar for døra
- Utedo?
- Rydde ute og inne
- Sage opp material til ved
- Grave att høl for bardunforankring nord + kappe wire
- Legge dreneringa djupare (Knut)
- Webkamera + verstasjon (Christian)
- Frakte ned utstyr frå hytta – m.a. glasstativet, verkty, material m.m.
Møtet slutt kl. 16.30
Skrivar: Knut Flem