Referat frå møte i Skulebunemnda 09.08.17
Stad og tid: Sjurgarden kl. 20.30
God servering som vanleg, denne gongen med wienerbrød, kjeks og kaffi.
Medlemer til stades: Severin Longva, Arnfinn Flem, Jan Arne Longva, og Knut Flem.
Forfall: Christian Rønning og Kåre Flem
Andreas Flem frå Nordøy IL var til stades i høve bakkeløpet skule – Skulen.
Tema for møtet: Opning av Skulebua
Landingsplass for helikopteret på Rolls-Royce, parkering, opplåsing av bom samt ei lita trapp for innstiging til helikopteret: Severin snakkar med Lidvar Rogne.
Jan Arne tek med lita trapp opp på fjellet for ut-/innstiging.
Betaling for helikoptertur: Severin tek imot kontantar av dei som har med. Andre sender vi rekning til. Rune Fjørtoft må ordne innsamling av pengar på Fjørtofta.
Full pris for dei som evt. flyg berre ein veg.
P.g.a. mange passasjerar (28 her på øya og 13 på Fjørtofta) og lang tid før alle er oppe, bør det lagast ei køordning slik at ventetida på “flyplassen” ikkje blir så lang. Dei som høyrer saman bør få flyge saman så langt råd.
Hjelparen til helikopteret bør stå på bakken (evt. bli med opp på fjellet første turen) for å utnytte kapasiteten best mogleg.
Start på flyginga må skyvast fram – kanskje til kl. 11.
Oppe på fjellet må det vere bakkemannskap og hjelparar for dei som er skrale til beins. Gruppemedlemene tek med seg gule vestar for å vere synlege m.a. for helikopteret.
Ca. 30 bakkeløparar er påmeldt. Dei aktive som spring på tid startar kl. 11.00 frå skulen og vil truleg vere oppe på Skulen før kl. 12. Målgang er om lag der poskassa stod før. Andreas sjekkar om ein av funksjonærane til Nordøy IL kan stille som hjelpar ved helikopteret og bli med opp siste turen.
Vakter frå NIL på fjellvegen stoppar biler som køyrer opp og seier frå om mogleg “trafikk-kaos”, parkeringsvanskar og sjansen for å bli ståande fast på fjellet.
Jan Arne startar å fyre grillar i god tid (frå ca. kl. 12).
Korleis og kven som skal servere skulebollar vart ikkje avklart. Heller ikkje antalet bollar. Tørkerullar kan vere greitt å ha (samordne med grillfolket).
Opning av Skulebua: Arnfinn tek med høveleg snor og saks. Skulebu-hue og T-skjorte til opnaren.
Dårlege vermeldingar for laurdag 12. august: sø-vest-kuling og regn. Gruppa var samd om at utsiktene var så dårlege at arrangementet måtte utsetjast. Det gjeld òg bakkeløpet. Ny dato vart sett til søndag 20. august.
Alle som på nokon måte er involvert, må underrettast. Gruppa deler på å gi beskjed til alle inviterte og til dei som er påmeldt til helikopterflyging. Severin sender epost til Rune Fjørtoft om å informere fjørtoftingane. Dei påmelde må bekrefte/melde seg på igjen om dei vil ha helikoptertransport 20. august. Frist for ny påmelding: onsdag 16. august.
Knut legg ut melding på Facebook slik at også folk flest får beskjed.
Knut snakkar med Nord Helikopter og avtaler flyging 20. august. Han gir òg beskjed til COOP Marked.
Diverse
- Severin har fått tak i ein megafon til å bruke oppe på fjellet under opninga.
- Kåre har skaffa “skydd” til vaierane.
- Arnfinn har kjøpt kost og brett samt dørmatte.
- Arnfinn hadde sjekka pris på pipe: ca. 20.000 kroner
Møtet slutt kl. 22.20
Referent: Knut Flem