Referat frå møte i Skulebunemnda 11.10.17
Stad og tid: Sjurgarden kl. 14.00
I dag vart det servert kjeks i ulike variantar, somme med ost, og dessutan te, kaffi og saft.
Medlemer til stades: Severin Longva, Christian Rønning, Arnfinn Flem, Kåre Flem og Knut Flem.
Forfall: Jan Arne Longva
1. Webstasjon og verstasjon
Samla kostnader vil kome på om lag 71.000 kroner.
Det er så langt gjort avtalar om sponsor/annonsering for kr. 67.000. Av dette er 42.000 innbetalt.
Det har vore vanskeleg å få respons frå Longvastøl Data, Skodje, som skal levere webkamera og verstasjon. Om naudsynt, tek Christian kontakt med eit anna firma.
Det hastar litt med å få på plass utstyret og starte sendingane sidan fleire av annonsørane alt har betalt.
2. Status Skulebua
Hytta er fullført etter planen med unntak av toalett. Skorsteinen er ikkje på plass, men Arnfinn vil få tak i naudsynt utstyr slik at pipa kan monterast så snart som mogleg.
Rekneskap er sendt inn for å få utbetalt spelemidlar som vi har fått tilsegn om. Rekneskapen viser ein totalkostnad på kr. 598.587. Av dette er 300.000 arbeid (dugnad).
Noterte dugnadstimar på byggearbeidet er 2.129. I tillegg kjem ei drøss med timar til administrasjon, møter, innkjøp av tilfang m.m.
3. Ny Skulebunemnd
Skulebunemnda vil no gjerne ha avløysing, og det bør veljast ei ny nemnd til å stå føre tilsyn og vedlikehald. Styret i Øyrådet vert oppmoda om å ordne dette.
Møtet slutt kl. 16.00
Referent: Knut Flem