Referat frå møte i Skulebunemnda 12.01.18
Stad og tid: Sjurgarden kl. 12.00
Dagens bevertning: løfser, wienerbrød, sjokokjeks, kaffi, te og saft.
Desse møtte: Severin Longva, Christian Rønning, Arnfinn Flem, Kåre Flem, Jan Arne Longva og Knut Flem.
1. Webkamera og verstasjon
Alt utstyr for å få webkamera på lufta er på plass. Christian har testa at utstyret virkar. No står det att å få montert solcellepanela og sjølve kameraa (4 stk.) før det er klart for sending. Dette vert gjort innan kort tid dersom det held fram med godt ver.
Brakettane som følgde med solcellepanela for montering på hytta var ikkje brukande. Vi får difor laga nye brakettar på NorWest AS (sponsa).
Når det gjeld verstasjonen, har Christian prøvt å finne utstyr som kan koplast på webkamera-opplegget for å kunne sende signal ned i bygda. Dette viser seg å ikkje vere så enkelt, men Christian har sett på utstyr som truleg kan brukast. Han arbeider vidare med dette. Det aktuelle utstyret har ein pris på kr 13.500, og Christian får fullmakt til å kjøpe innanfor ei ramme på kr 15.000.
2. Attståande arbeid på sjølve hytta
No er det berre skorsteinen som ikkje er på plass. Den som var innkjøpt vart vraka til fordel for ei enklare hyttepipe. Denne er innkjøpt, og det står att å få ho opp på fjellet og montere den på plass. Vi prøver å få turgåarar til å ta med seg ein del eller to når dei skal opp på fjellet. Pipa kan bli montert relativt snart om det vert ein godversperiode.
3. Ny Skulebu-nemnd
Noverande Skulebu-nemnd vil gjerne ha avløysing når hytta er heilt ferdig. Ei ny nemnd skal syte for tilsyn og vedlikehald. Ein instruks for nemnda bør utarbeidast. Noverande nemnd prøver å finne kandidatar; det kan høveleg vere fire personar – gjerne to av kvart kjønn.
4. Avlysing av frådeling av tomtegrunn
Hausten 2015 vart det tinga matrikulering av grunnen der Skulebua står, slik at tomta kunne oppmålast og frådelast. Sidan det har gått så lang tid utan at noko har skjedd, tek vi kontakt med jordskifteretten og avlyser frådelingssaka.
Møtet slutt kl. 14.30
Referent: Knut Flem