Referat frå møte i Skulebunemnda 12.08.16
Stad og tid: Sjurgarden kl. 20.00 – 21.45
Til stades: Severin Longva, Kåre Flem, Arnfinn Flem og Knut Flem
Forfall: Jan Arne Longva
Sak 1. Forsikring
Det vart bestemt å forsikre Skulebua i Sparebanken Møre (Eika forsikring). Premien er kr. 1.200,- i året. Severin ordnar med forsikring.
Sak 2. Restarbeid fundament
Det som står att på tomta før hytta kan flygast opp og monterast er å fylle stein på forsterkinga av forankringa i sør-vest, montere golvbjelkane på vestre halvdelen og fylle opp resten av hola med jord. Dessutan legge ei fuktsperre på bakken under golvet. Dette vil bli gjort av Arnfinn og Knut dei første dagane.
Sak 3. Bardun sør- og vestover
For å forsterke hytta mot orkan frå sør-vest, vart det bestemt å setje opp bardunar i søre og vestre hjørna, samt i dragaren i sør-vest. Kåre hadde med seg eit anker av ein type som kraftverket brukar. Det vart bestemt å bruke dette, og Kåre skaffar yttarlegare to samt kjetting og anna tilbehør. Ankera må på plass snarast mogleg etter at hytta er montert.
Sak 4. Feste av veggane i underlaget
Kvart hjørne vert forankra til underlaget med vinkeljarn og solide franskskruar. Kåre ordnar materiell til dette. Eit jarnband som er festa i pålen og går opp i taket hjelper òg på stabiliteten.
Sak 5. Glas og dør
Glas i alle veggane samt dør er tinga hos H-produkter, og dei er leveringsklar komande veke. Kåre syter for transport ut til øya.
Sak 6. Veging og pakking av material
Planen er å frakte hytteveggane, material og utstyr opp på Skulen med helikopter laurdag 20. august om veret klaffar. Først må alt som skal opp vegast og pakkast i høvelege hiv. Dette prøver vi å få gjort fredag 19/8 etter arbeidstid på Rolls-Royce. Knut spør Terje Slyngstad om hjelp til dette. Alt som skal fraktast opp må såleis fraktast til RR – både det som er i løa til Jan Arne og material som skal hentast på N.L. Austnes m.m.
Så skal alt køyrast med traktor opp i Flemsdalen og fraktast vidare opp på Skulen med helikopter dagen etter.
Sak 7. Helikopterfrakt
Det er klarert med Nord Helikopter på Vigra at dei kan flyge opp hytta laurdag 20/8. Knut gjer nærare avtale med dei over helga.
Rekkefølgje på hiva: 1) golvbord og to runder med 2 x 4, 2) veggane, 3) dragar, 4) material til taket, 5) andre ting.
Sak 8. Arbeidsfolk
Det er planen å legge på golvet, setje opp veggane og legge dragaren på plass, samt få på så mykje av taket som mogleg så snart materialane er komne opp på fjellet laurdag. Dette er eit storarbeid, og det trengst ein god del folk. Også fredag er det behov for ein del folk for å frakte, vege og pakke helikopterhiva.
Severin kontakta leiaren i Nordøy IL, Trond Ravnestad, og spurte om idrettslaget kunne stille med ein dugnadsgjeng både fredag og laurdag. Dette var Trond positiv til, og det vart avtalt at dei skulle snakkast uti neste veke for «briefing». Då må det klarerast kva dugnadsfolket bør ha med seg av verkty/utstyr. Hugs niste!!
Sak 9. Material og materiell
I tillegg til dei ferdigbygde veggane er det mykje material som skal til for å bygge golv, tak og hems, samt kle veggane på innsida m.m. Likeins er det behov for store mengder materiell som skruar, boltar og beslag, pluss kjetting, strekkfiskar og andre ting til forankring.
Arnfinn skriv liste og får oversikt over kva som trengst av treverk, beslag for taket o.l., og Kåre ordnar med materiell til forankring, samt skruar til golvet.
Det blir nytt møte onsdag 17/8 kl. 20.00 i Sjurgarden.
Referent: Knut Flem