Referat frå møte i Skulebunemnda 14.01.17
Stad og tid: Sjurgarden kl. 15.00
Til stades: Severin Longva, Arnfinn Flem, Kåre Flem, Jan Arne Longva og Knut Flem
(Møtet starta med nydeleg bacalao à la Severin.)
Sak 1. Webkamera og verstasjon
Vi spør Christian Rønning og Trond Ravnestad om dei vil sjekke praktiske løysingar og pris.
(Etter møtet snakka Jan Arne med Trond som fortalde at han og Christian jobbar med saka, men at dei «ligg etter skjema». Dei vil kome med ei løysing utpå våren.)
Sak 2. Uteståande arbeid
- Noko må gjerast med golvet: legge på klikkpanel eller slipe og lakke
- Eldstad: grillmuligheit må der vere, pluss omn til oppvarming
- Innvendig tetting ved rafta
- Tetting av glas mot sørvest
- Listing ute og evt. inne (iallfall rundt døra)
- Forsterking av mønefjøler på enden av dragaren mot nord
- Gjere ferdig hemsen + oppgang/loftstrapp
- Stoppar for døra (liten vegg e.l.)
- Lukkemekanisme på døra – wire og lodd
- Infotavler: Kåre hadde med utkast som vart godkjent. Vert no sett i produksjon.
- Benkar
- Steinplatting rundt hytta: frakte stein med helikopter frå fjellsida
- Måling utvendig
- Rydde ute og inne før innvielsen
,
Sak 3. Brannslokkingsskap
Kåre har laga eit skap for brannslokkingsapparat. Skapet skal hengast opp på høveleg plass i hytta (med apparat inni). Tre små apparat som toler kulde (ned til -30o C) er sponsa av Sparebanken Møre.
Sak 4. Innvielse av Skulebua
Det ser ut for at det kan bli kollisjon med eit arrangement på Fjørtofta den helga det er planlagt innvielse. Vå går ut frå at det ikkje har stor betydning, så vi held på datoen 25. mai (Kristi Himmelfartsdag).
Programmet er ikkje klart, men «Ut mot havet» med blåsemusikk prøver vi å få til.
Sak 5. Invitasjon til opninga
Desse bør inviterast:
- Sponsorar. Dei bør få eit takkeskriv saman med invitasjonen.
- Sunnmøre friluftsråd v/dagleg leiar May Britt Haukås
- Ålesund-Sunnmøre Turistforening v/dagleg leiar Linda Flem
- Den Norske Turistforening v/generalsekretær (?)
- Ordføraren i Haram
,
Sak 6. Økonomi
Nøkkeltal pr. 14.01.17:
- Betalte utgifter: kr. 194.894
- Påløpne og forventa utgifter: kr. 101.500
- Sponsormidlar: kr. 198.000
- Sal av andelsbrev: kr. 99.200
- I banken: kr. 102.392
.
Sak 7. Andre saker
- Retur av stativet som glasa og døra vart frakta i. Jan Arne vil prøve å ta det på snøscooteren om det vert vêr og føre.
.
Møtet slutt kl. 17.30
Skrivar: Knut Flem