Referat frå møte i Skulebunemnda 17.08.16
Stad og tid: Sjurgarden kl. 20.00 – 22.00
Til stades: Severin Longva, Jan Arne Longva og Knut Flem
Forfall: Arnfinn Flem og Kåre Flem
Sak 1. Innkjøp av diverse tilfang
Kåre har vore på bytur og kjøpt inn skruar til golvborda, finérplatene, takborda m.m. Vidare kjøpte han vinkelbeslag for å feste oppstandar til underliggar i hjørna, strekkfiskar til jarnbanda, patentband til å feste i takbjelkane og meir.
Arnfinn og Jan Arne tek ut material og anna tilfang på N.L. Austnes fredag 19/8.
Sak 2. Bardunar
På siste møte vart det bestemt å forankre hytta i hjørna mot sør og vest, samt i dragaren mot sør-vest. Etter forslag frå Kåre vart det bestemt å ha eit anker også mot nord-aust som motvekt mot ankera i motsett retning.
Kåre får tak i 4 stk. anker frå Nordvest Nett AS.
Sak 3. Veging og pakking
Alt som skal flygast opp på Skulen skal samlast på Rolls-Royce for veging og pakking fredag 19/8 kl. 17.00.
For at det ikkje skal bli for mykje arbeid fredag, vart det bestemt å starte å laste veggar og material som er i løa til Jan Arne på traktorhengarar torsdag 18/8. Start kl. 17.00.
Vi prøver å få med nokon av Nordøy IL sine dugnadsfolk på dette. På denne måten vert det mindre behov for dugnadsfolk fredag.
N.L. Austnes køyrer golvbord og material til hemsen m.m. til RR fredag. Glas til vindauga og dør vart levert på RR onsdag 17/8 av Joar Haram.
Hiva skal pakkast med jekkestropper. Optimal vekt er ca. 900 kg (max 1.000 kg). Stropper må skaffast.
Sak 4. Opplegg laurdag
Helikopter er tinga til laurdag 20/8 kl. 09.00. Jan Arne og ein mann til (Kåre eller Knut) er til stades der hiva ligg (på «parkeringsplassen» ovanfor Anton-støtta). Resten av arbeidsgjengen bør vere oppe på Skulen kl. 09.00.
Dersom folk køyrer opp på fjellet, må dei parkere på vegen fram mot fjøsen, godt ute av vegen for helikopteret.
Av verkty trengst skrudrill, hammar og kubein. Det kan bli ein lang dag, så alle bør ha med niste.
Arnfinn er arbeidsleiar oppe på Skulen.
Referent: Knut Flem