Referat frå møte i Skulebunemnda 22.06.16
Stad og tid: Sjurgarden kl. 13.00 – 15.00
Til stades: Severin Longva, Kåre Flem, Jan Arne Longva, Arnfinn Flem og Knut Flem
Sak 1. Utgraving av stolpehol i tomta
Severin snakkar med Anders Kj. Rogne om å grave hol for stolpane komande laurdag. Vi spør òg om han kan ta med boremaskin opp (viss ikkje, spør vi Nils A. Standal).
Dersom Anders ikkje kan grave ut hola, må det gjerast for hand. Det vert då å mobilisere dugnadsfolk til å grave.
Sak 2. Frakt av material opp på fjellet
Arnfinn har kutta stolpar i høvelege lengder og festa tverrklampar på dei. Vidare har han kutta 2» x 8» dragarar i rette lengder (2,5 m) og dessutan 2» x 6» golvbjelkar i høvelege lengder. I tillegg trengst 28 mm golvbord som Arnfinn tingar med NL Austnes.
Materialen skal fraktast med helikopter. Andre ting som taktro, taktekke, material til hemsen m.v., og kanskje også dei ferdige veggane vil bli frakta opp når helikopteret først er her.
Severin snakkar med Nord Helikopter om kva krav dei stiller til pakking og stropping av hiva m.m.
Arnfinn spør Lidvar Rogne om å få låne pallevekt og pakkemaskin på Rolls-Royce.
Sak 3. Forankring av hytta
Kåre hadde fått tak i jernboltar frå Nordvest Nett som dei sjølve brukar til å forankre kraftmastrer. Ein bolt skal borast ned i fjellet i kvar ende på hytta med kjetting, wire e.l. over dragaren.
Kåre snakkar med Joar Haram om boremaskin, som eventuelt kan sendast med gravemaskina opp på fjellet.
Sak 4. Vindauge og dør
Det vart bestemt å setje berre inn berre glas (utan karmar) i vindauga. På «loftet» skal det setjast inn eit oppslagsglas på lesida. Viser det seg at vindauget vert ståande opent, kan ein vurdere å spikre det att. Kåre tingar glas, vindauge og dør med H-produkter.
Sak 5. Nøyaktig plassering av hytta
Hytta skal stå i sør-vest/nord-aust retning. Kåre er godt i gang med informasjonstavlene som skal vise kva ein ser ut gjennom vindauga. For å få fullt samsvar mellom tavlene og terrenget, er det viktig at mønet peikar rett på Goaldet.
Referent: Knut Flem