Referat frå møte i Skulebunemnda 22.06.17
Stad og tid: Sjurgarden kl. 20.00
Som alltid var det god bevertning på møtet – rundstykke, wienerbrød, lefser og kaffi.
Medlemer til stades: Severin Longva, Arnfinn Flem, Jan Arne Longva, Christian Rønning og Knut Flem.
Forfall: Kåre Flem
Sak 1. Status på resterande arbeid
- Hjørnelister ute: er under arbeid, truleg ferdig neste veke (Knut)
- Lukkemekanisme på døra manglar framleis
- Måling utvendigog innvendig (Knut)
- Montering av INFO-tavler: under arbeid, klart for montering av bildetavlene over neste helg (Arnfinn/Kåre)
- Skap for brannslokkingsapparat: klart for montering
- Førstehjelpsutstyr: kan ha eit lite skap for det mest naudsynte
- Montering av benkar: må tilpassast når info-tavlene er ferdig (Jan Arne)
- Oppslag: a) ordensreglar: Severin lagar; b) sponsorar: Knut lagar liste – Kåre lagar innraming
- Platting og sitjeplass rundt hytta: Oddgeir og Bjørnar Otterlei er meir enn halvferdige med steinplattingen rundt hytta. Sitjeplassar vert laga av stålknektar og impregnerte bord.
- Stoppar for døra: stolpe frå dragaren og ned i bakken, eventuelt noko anna seinare.
- Webkamera og verstasjon: Christian har kontakt med ein person som kan skaffe begge delar komplett for rundt 10.000 kroner. Anda-Olsen i Ålesund er kontakta for tilbod om straumopplegg med solcelle og batteri (50 W og 70 W). Christian vil kontakte lokale firma for sponsing mot reklame på nettsida til Øyrådet.
Sak 2. Innvielse 12. august?
Alt ligg til rette for at Skulebua er klar for offisiell opning 12. august, så vi held på den datoen. Start opningsseanse kl. 13.00. Det er uklart om dagleg leiar i Ålesund-Sunnmøre Turistforening har takka ja til å vere “opnar”. Alternativt vert det å spørje dagleg leiar i Sunnmøre Friluftsråd.
Sak 3. Invitasjonsbrev
Severin hadde klart eit utkast til invitasjonsbrev. Det vart godkjent. Eventuelt kan programpostar leggast til. Severin sender det til Lidvar til kopiering.
Invitasjon skal sendast til ordføraren i Haram, Ålesund-Sunnmøre Turistforening, Sunnmøre Friluftsråd, Destinasjon Ålesund & Sunnmøre(?) og alle firma som har støtta Skulebua økonomisk.
Sak 4. Servering ved innvielse
COOP Marked Longva v/Janne Flem vil stå føre servering av grillmat (pølser) på opninga. Vi prøver å få laga nokre brettkaker og satsar elles på at folk tek med seg kaffi eller anna drikke sjølve.
Sak 5. Anna
a. Arnfinn køyrer ned frå Anton-plassen det som står der av det som vart frakta ned frå hytta den store helikopterdagen.
b. Helikopterfrakt for publikum: Dette må gjerast kjent slik at interesserte kan melde seg på. Bindande påmelding til Severin. Det må gjerast avtale med Nord Helikopter om prisar og vilkår.
c. Skokostar ved inngangen. Jan Arne sjekkar kva som som finst og kjøper inn eit høveleg produkt.
d. Ei hyttebok kan vere kjekt å ha – det er sikkert mange som kan ha lyst til å skrive nokre nokre ord om den fine hytta, den flotte utsikta eller andre ting.
Møtet slutt kl. 22.00
Skrivar: Knut Flem