Referat frå møte i Skulebunemnda 23.03.17
Stad og tid: Sjurgarden kl. 13.00.
Til stades: Severin Longva, Kåre Flem, Jan Arne Longva og Knut Flem.
Forfall: Arnfinn Flem
Sak 1. Dugnad for å legge steinar i sekkar
Første dugnad vert laurdag 1. april. Start kl. 11.00. Severin set opp plakat på buda, Knut legg ut på Facebook og nettsida og elles sprer vi ryktet omkring. Kåre lagar skilt som oppmodar folk om å legge ein stein eller tre i sekkane når dei går tur på Skulen. Eit skilt på Stølshaugane og eit på «Antonplassen».
Sak 2. Utsetting av opningsdag
Det vert knapp tid å bli ferdig med hytta til 25. mai, og derfor utset vi opninga til over sommarferien. Ny dato er laurdag 12. august. Knut tek kontakt med ansvarleg for samarbeidslista og melder inn datoen.
Sak 3. Webkamera og verstasjon
Jan Arne hadde snakka med Christian. Han har ikkje fått tilbakemelding frå Sunnmørsposten enno, men vil purre på og arbeide vidare med saka.
Sak 4. Omn og grill
Brosjyrer for omn og grill vart lagt fram på møtet. Det vart bestemt å kjøpe ein Aduro Asgård 2 peisomn til kr. 2.990 på OBS-Bygg, samt to stk. Nordic Season Kingston grillar à kr. 990, på same stad. Grillane er lette å flytte og kan takast ut ved behov.
Møtet slutt kl. 14.10
Skrivar: Knut Flem