Referat frå møte i Skulebunemnda 23.05.17
Stad og tid: Sjurgarden kl. 13.00
Som alltid var det god bevertning på møtet – rundstykke, kjeks, lefser og kaffi.
Medlemer til stades: Severin Longva, Kåre Flem, Jan Arne Longva og Knut Flem.
Forfall: Arnfinn Flem
Sak 1. Status på resterande arbeid
- Golvet: i staden for sliping og lakking legg vi eit nytt laminat klikkgolv oppå det gamle. Severin tingar hjå N.L. Austnes
- Eldstad: omn er innkjøpt. Kåre kjøper 2 stk. Nordic Season Kingston grillar à kr. 990. Arnfinn ordnar med stålplate til underlag. Knut sjekkar kva avtrekksdelar som ligg på Skulebua.
- Hjørnelister ute: material må tingast; motståande kantar må skråskjerast (Knut/Arnfinn)
- Hemsen: truleg for lite bord (ca. 2 kvm). Knut sjekkar om det ligg noko på utsida av hytta. Oppgang/loftstrapp
- Tetting ved rafta (og rundt glasa mot sørvest)
- Lukkemekanisme på døra
- Måling utvendig og innvendig (Knut)
- Montering av INFO-tavler
- Montering av skap for brannslokkingsapparat
- Skap for førstehjelpsutstyr?
- Montering av benkar (Jan Arne)
- Oppslag: a) ordenreglar; b) sponsorar
- Platting og sitjeplass rundt hytta, stor helle ved inngangen
- Stoppar på døra
- Rydde ute og inne
- Grave att høl for bardunforankring nord
- Webkamera + verstasjon (Christian)
- Frakte ned utstyr frå hytta – m.a. glasstativet, pallar, material, m.m.
Sak 2. Når kan vi bestille helikopter?
Helikoptertransport: avtalt med Nord Helikopter laurdag 3. juni kl. 11.00. Alternativt ein av dagane nært opptil denne datoen.
Sak 3. Fraktplan for helikopter
21 sekkar med stein pluss ein god del anna tilfang og utstyr skal flygast opp. Nemnast kan infotavlene og underlag for dei, omn og grillar, klikkgolv, evt. fjøler til hemsen, hjørnelister m.m. I tillegg skal Nordøy IL frakte på plass to-tre bordbenkar ved turstiar. Ein del ting skal også flygast ned frå fjellet, som glasstativet, pallar, material, avkapp, “jernvarer”, reiskap og verkty. Helikopterhiv må pakkast og fraktast opp på fjellet. Ein detaljert plan må setjast opp seinare. Mannskap må plasserast ut der det skal lastast og lossast.
Sak 4. Time- og aktivitetsplan for opning laurdag 12. august
Start arrangement blir kl. 12.00. Kåre spør dagleg leiar i Ålesund-Sunnmøre Turistforening om å stå for den offisielle opninga. Det vert persontransport med helikopter dersom mange nok melder seg interessert. Nordre, Sunnmørsposten og NRK vert invitert. Kåre spør Birgit Fjelle om ho vil ta på seg å organisere mat og drikke til opninga.
Nordøy IL skal arrangere motbakkeløp med innkomst ved Skulebua denne dagen. Jan Arne kontaktar leiaren, Trond Ravnestad, og informerer om opningsplanane.
Sak 5. Status webkamera/verstasjon
Prosjektleiar for dette, Christian Rønning, kunne ikkje vere til stades på møtet. Jan Arne hadde snakka med Christian, som kunne fortelje at samarbeid med Sunnmørsposten truleg ikkje vert noko av. Men han hadde fått kontakt med ein “kapasitet” på området, som han skulle samarbeide med vidare.
Sak 6. Christian fullverdig medlem av hyttegruppa
Sidan Christian no er så involvert i hytteprosjektet, er det greitt om han er medlem i Skulebu-nemnda. Han var spurt og sagt seg viljug til det, og det var semje på møtet om å ta han inn som vanleg medlem.
Møtet slutt kl. 15.00
Skrivar: Knut Flem