Referat frå møte i Skulebunemnda 24.05.16
Stad og tid: Flem skule kl. 16.00 – 18.00
Til stades: Severin Longva, Kåre Flem, Jan Arne Longva, Arnfinn Flem og Knut Flem
Sak 1. Opparbeiding av tomt og fundament
Fundamentet skal vere impregnerte trepålar – totalt 11 stk.: ein i kvart hjørne, ein under dragaren på kvar side og ein i midten for golvet. Arnfinn spør Johan Longvanes og Alf Nogva om å få stolpar til dette.
Som forankring av stolpane for å hindre at dei vert løfta opp av sterk vind, vert det montert tverrklampar på kvar side langt nede på stolpane og festa med gjennomgåande boltar.
I tillegg skal endane på dragaren i taket festast med kjetting og boltar ned i fast fjell. Kåre får tak i høvelege boltar.
Sak 2. Hytteseksjonane
Dei åtte veggane er ferdigbygde og står no lagra i løa til Jan Arne. Det same gjeld dragaren, takbjelkane og takborda (ytterkledninga). Dei er klare til å bli frakta opp i Flemsdalen for vidare helikopterfrakt opp på Skuletoppen.
Sak 3. Flaggstong som lynavleiar
Det kan bli aktuelt å setje opp ei flaggstong litt høgare enn hytta som lynavleiar, og med ein liten, slitesterk vimpel. Det blir ikkje gjort i denne omgang, men kan bli aktuelt seinare.
Sak 4. Val av pipe og omn/grill
Dette vert utsett til etter at hytta er komt på plass. Då er det lettare å sjå kva plass der er i rommet og kva som vil passe best. Berre beslaget for takgjennomføringa for pipa skal monterast no.
Sak 5. Status for økonomien
Per i dag er det om lag 117.500 kroner på Skulebu-kontoen. I tillegg er det gitt tilsegn om kr 33.000 i støtte. Ein del av materialen som er brukt, er ikkje fakturert.
Det vart diskutert å sende brev til utflytta øyingar med tilbod om å kjøpe andelsbrev i Skulebua.
Sak 6. Landingsløyve for helikopter
Arnfinn har ordna med landingsløyve løyve for Flemsdalen. Severin gir løyve for Skuletoppen.
Sak 7. Vindauge og dør
Det låg føre eit tilbod frå H-produkter AS på dør og vindauge i hytta. Det var på om lag 20.000 kroner inkl. moms. Vindauga var komplett med karmar, men enkle glas. Nemnda ønskjer to-lags glas utan karmar (glasa vert sett rett inn i glasopningane i veggen). Kåre snakkar med H-produkter om dette. Døra må ha vanleg «trykkert» og stoppar.
Sak 8. Forsikring
Skulebua bør forsikrast. Severin tek kontakt med Eika Forsikring for informasjon og eventuelt tilbod på høveleg forsikring.
Andre saker
– Severin spør Harald Rogne om å få låne straumaggregat.
– For å frakte materialar og utstyr til grunnarbeidet opp på fjellet, må vi ha traktorar eller leige helikopter.
– Viktig med god dugnadsføring på dei store fjelldugnadene (tomtearbeidet og hyttemonteringa).
Referent: Knut Flem