Referat frå møte i Skulebunemnda 30.07.16
Stad og tid: Flem skule kl. 19.30 – 21.30
Til stades: Severin Longva, Kåre Flem, Jan Arne Longva, Arnfinn Flem og Knut Flem
Sak 1. Konstruksjon av fundamentet
Den åtte toms dragaren skal festast på pålane. For å stive av dragaren som hytta skal stå på, skal det monterast ein planke på innsida av stolpen. Planken ligg an mot stolpen og dragaren på begge sider.
Arnfinn og Knut utfører dette så snart som råd, i tillegg til å montere dragaren i midten og justere konstruksjonen slik at avstandane mellom motståande veggar samt diagonalane vert rimeleg like.
Sak 2. Feste av pålane
Det er viktig at pålane ikkje kan røyve seg i hola sine, og difor skal dei kilast fast med stein. Snarast mogleg skal vi prøve å få ein traktor opp som kan køyre stein frå nede i fjellsida.
Sak 3. Sikring av forankring
Fordi forankringa i sør-vestre enden ikkje er 100% påliteleg, skal den sikrast med støyp og armering. Knut sjekkar kva dimensjon av armeringsjarn e.l. som går gjennom øyeholet.
Sak 4. Forankring av hytta til fundamentet
I tillegg til å forankre dragaren i mønet i fjellet på nord- og sørsida, skal alle åtte hjørna forankrast med 3 mm jernband frå stolpen via stenderen i hjørnet og over takbjelken.
Reima på veggane skal limast og skruast fast til underlaget; i tillegg skal det brukast gjennomgåande boltar.
Sak 5. Veggar eller golv først?
Om dette var det delte meiningar, men fleirtalet meinte golvet bør leggast før veggane vert festa på plass. Under veggane skal det først monterast to lag med 2′ x 4′ som veggane skal stå på. Arnfinn sagar desse ferdig nede.
Sak 6. Innvendig kledning
Kledning av veggane innvendig skal vere av 12 mm kryssfiner av god kvalitet. Dette vil stive av veggane monaleg.
Sak 7. Pipe for omn/grill
Severin har undersøkt pipe og takgjennomføring. Det var semje om å vente med dette til hytta er oppkomen, men det vart bestemt at pipa skal vere rund.
Sak 8. Forsikring
Det var semje om at hytta må forsikrast. Severin kontaktar trygdeselskap for informasjon og prisar.
Sak 9. Straumaggregat
Det vart bestemt å kjøpe eit Stanley aggregat til kr. 2.800 på OBS Bygg. Aggregatet leverer 2,7 kW. Knut kontaktar OBS Bygg og syter for innkjøp.
Referent: Knut Flem