Referat frå møte i Skulebunemnda 31.10.16
Stad og tid: Sjurgarden kl. 12.00 – 15.15
Til stades: Severin Longva, Arnfinn Flem, Kåre Flem, Jan Arne Longva og Knut Flem
Sak 1. Status bygging – kva gjenstår?
Ein del større og mindre ting står att:
- Innvendig tetting ved rafta (Arnfinn)
- Skrue fast beslaga på hjørna på utsida (Knut)
- Tetting og listing av dør (Arnfinn)
- Forsterking av mønefjøler på enden av dragaren mot nord (Arnfinn)
- Hemsen
- Oppforing og beslag på dørstokk (Knut)
- Stoppar for døra (liten vegg e.l.)
- Lukkemekanisme på døra – wire og lodd
- Omn/grill/peis og pipe – sjå sak 11
- Infotavler med bilder under vindauga (Kåre – sjå sak 4)
- Måling utvendig og evt. innvendig: 1/2 spann måling er i hytta – ta med ny kost
Sak 2. Økonomistatus
Oversyn over økonomien vart ikkje framlagt – vil bli utarbeidt og sendt til medlemene.
Sak 3. Treplatting rundt hytta?
Det var semje om å bruke stein til platting og sitjeplass rundt hytta. Vi vil prøve å få folk til å samle saman mest mogleg flate steinar nede i fjellsida, pakke dei i store sekkar og flyge dei opp med helikopter. Det bør vere steinplatting rundt heile hytta, samt dei siste hundre metra av råsa fram til hytta. Noko stein kan evt. fraktast med snøscooter om vinteren.
Sak 4. Ferdigstilling av bilder og oppheng/festeløysing
Kåre viste fram bilder med namn på som gav eit godt inntrykk av korleis infotavlene vil bli. Litt arbeid med namn er framleis att frå Kåre si hand, men det vil ganske snart vere klart for levering til Hatlehols. Nemnda var enig om at det bør vere fast oppheng, ikkje hengsla. Solid feste av tavlene er viktig.
Sak 5. Innvielsesdato
Høveleg dato for «avduking» er Kr. himmelfartsdag 25.05.17.
Program: «Ut mot havet» med blåsemusikk, kort historikk og …?
Sak 6. Innbyding av relevant personell til innvielse av hytta
- Sponsorar. Desse bør få eit takkeskriv saman med invitasjonen.
- Sunnmøre friluftsråd v/dagleg leiar
- Ålesund-Sunnmøre Turistforening v/dagleg leiar
- Den Norske Turistforening v/generalsekretær(?)
- Ordføraren i Haram
Sak 7. Rydding rundt hytta
Det bør ryddast så godt som mogleg rundt hytta. Viktig at det er heilt fritt for rusk og rask både ute og inne, så vil fjellvandrarane lettare halde orden sjølve. Forslag til oppslag:
«Her er ingen renovasjon – ta med ned igjen det du hadde med opp!»
«Forlat hytta i same stand som du sjølv ønskjer å finne den!»
Sak 8. Lynavleder
Denne er på plass. Johnny Austnes har skaffa til veie naudsynt materiell og montert ei koparstong i mønet i sørvest og kabel med kopartråd langs bardunen og ned i jorda.
Sak 9. Brannslokkingsapparat
Severin ordnar med eit skum-apparat.
Sak 10. Vasstank
Jan Arne ordnar med eit kar for oppsamling av vatn til bruk for vasking og brannslokking. Karet vil bli sett ned i jorda eit stykke frå hytta.
Sak 11. Grillstad og pipe
Det er ikkje bestemt kva slags grill/omn/peis som skal installerast, og det var semje om å sondere vidare og sjå kva som finst. Ved open eld må ein ha vifte i skorsteinen, som kan drivast av batteri og solcellepanel.
Sak 12. Do
Det var argument både for og imot å setje opp ein utedo ved hytta. Vi ventar og ser korleis det utviklar seg og om behovet vert påtrengande.
Sak 13. Gjerde ved Skulenipa
Det var overvekt av argument mot å setje opp eit gjerde. M.a. vart det peika på at farlege situsjonar kan oppstå på grunn av gjerdet.
Sak 14. Anna
Webkamera og verstasjon: Arnfinn snakkar med Tor Erik Husevåg m.fl. om tekniske løysingar.
,
Skrivar: Knut Flem