Referat frå møte i Tilflyttingsgruppa 24.08.15
Til stades på møtet: Severin Longva, Kåre Flem, Uwe Kleinhans og Mette Krogsæter
Saker:
1. Dugnadstimar
Alle må rapportere dugnadstimar (utanom møte i gruppa) til Mette innan torsdag.
2. HaNo-dagane
– diskuterte spørsmål til spørreundersøking
– vi kjem tilbake til evt. skriv/mail til utflytta øyingar når vi har fått listene frå Erlend
– deltaking på stand: alle som var på møtet (4 pers.) er innstilt på å ta ei økt på standen
– utforming av stand: skal vi f.eks. ha ein bildepresentasjon som står og går?
3. Placement
Severin vil betale eit prosjekt med Placement i 2 år – med ønske om snarleg oppstart!
Mette formidler dette til styret, som må behandle dette på møtet på torsdag – gir evt. tilbakemelding til Placement etter styremøtet.
Ta også opp i styret om vi skal booke eit kurs med Placement i haust.
4. Diverse
Innspel til økonomigruppa: kva med pengane frå Longva Vassverk, kan dei evt gå til Øyrådet?
Innspel til næringsgruppa: HoppID har eit kurs «oppstart for gründerar» som kan vere aktuelt både for gruppa og for potensielle tilflyttarar (bør ha info om dette på HaNo-dagane).
Spørsmål til informasjonsgruppa:
– kven kan legge ut (dele) ting på Facebook-sida til Øyrådet?
– burde Øyrådet ha ei sentral epost-adresse (både for utsending og mottak av mail)?
Spørsmål til styret: kva gruppe har ansvar for ei «fadderordning» for tilflyttarar?
Longva, 27/8-2015
Mette Krogsæter