Møte i Tilflyttingsgruppa 06.10.15
Til stades på møtet: Severin, Kåre, Uwe og Mette
1.
Sak: Nederlandsk familie «van der Put» som er interessert i å kome på besøk (formidla av Placement)
Vi avtalte:
- Vi tilbyr familien gratis overnatting for ei helg (enten på hytte på Gunnabuda eller heime hos Severin)
- Vi kan evt også tilby transport eller bil under opphaldet (Mette tek dette opp med Placement)
- Severin tek ein prat med Johan Longvanes ang. mulighet for at Johansen kan tilsette ein rørlegger på øyane.
- Uwe snakkar med Jan Petter ang. mulighet for samarbeid med Pyro
- Mette tek kontakt med Gert Rietman ang. korleis eit slikt besøk skal foregå (også for å avklare kva familien ønsker å få svar på, om det f.eks er aktuelt å sjå på bustad)
- Mette sjekker ut korleis det ligg an med mulighet for jobb innan heimebasert omsorg
2.
Sak som vi vil gi vidare til styret:
Tilflyttingsgruppa er positive til at vi skal ta imot flyktningar (fortrinnsvis familiar) som skal busettast i Haram på øya. Vi ser for oss at Øyrådet kan hjelpe i integreringsprosessen. Dette er ei sak som bør takast opp i styret.
Longva, 12/10-2015
Mette Krogsæter