Referat frå møte i Tilflyttingsgruppa 02.02.17
Til stades på møtet: Severin Longva, Uwe Kleinhans og Mette Krogsæter
1. Konstituering
Vi konstituerte oss før valet på Øyrådet sitt årsmøte:
Uwe Kleinhans – leiar
Severin Longva – nestleiar
Vi vart også samde om at vi treng iallfall 2 nye medlemmer i gruppa. Vi kom fram til nokre vi vil spørre om å bli med.
2. Placement-oppfølging
a. Besøk av hollandsk par i mars – Mette tek kontakt for detaljar og kva dei treng for opphaldet
b. Rørlegger – CV for 1 person er sendt Johansen, men tilsetjing forutset norskkunnskaper, Mette følger opp dette direkte og via Placement
c. Ny familie (psykolog / marin næring) med 2 barn – vidaresender til Marine Harvest
3. Innflyttarsamling
Dette (dato og innhald) må takast opp i styret – evt. vurdere å få til noko i pinsehelga?
4. Vertskapskurs i regi av Placement
Gert Rietmann kan halde kurs ein laurdag i mars – avklare aktuell dato med styret.
Longva, 2/2-2017
Mette Krogsæter