Referat frå møte i Tilflyttingsgruppa 24.06.15
Til stades på møtet: Severin Longva, Erlend Hagen, Uwe Kleinhans og Mette Krogsæter
Saker:
- Dugnadslister
Mette vidaresender mal for føring av dugnadstimar til dei andre på gruppa.
- Kartlegging av utflytta øyingar
Uwe har laga rekneark med navn på ialt 196 avgangselevar frå 11 avgangsklasser på Haramsøya. Han sender fila til Erlend som skal gå gjennom navna og begynne å finne kontaktdata (epost, mobil, Facebook-profil etc.) for dei som ikkje bur på øyane idag og som det er aktuelt å kontakte.
- Framgangsmåte overfor utflytta øyingar
Når vi har kontaktdata på plass, vil vi i løpet av august sende ut infobrev (på mail og/eller Facebook) til utflytta øyingar. Severin og Mette lagar utkast til kva som kan vere med i eit slikt brev – dette skal vi jobbe med på neste møte i august.
Ta opp i styret: Kan vi tilby 1 dag gratis inngang på HaNo-dagane for dei som vi sender brev til? For kor mange? Berre for dei frå Flemsøy/Skuløy, eller også frå Haramsøya(/Lepsøya)?
Er det evt. andre ting vi kan tilby, f.eks. i samband med HaNo-dagane?
- HaNo-dagane
Det bør takast opp i styret korleis vi skal jobbe fram mot HaNo-dagane!
Vi foreslår at vi bør ha eit fengande slagord, som kan brukast for profilering på HaNo-dagane og vidare – f.eks. på T-skjorter etc.
Skal vi lage til ei slagord-konkurranse på Facebook? Med avduking av slagord + utdeling av premie på HaNo-dagane?
- Placement
Ta opp i styret: Skal vi få til eit kurs med Placement på hausten ein gang? Total kostnad 18000 – kan evt. invitere med folk frå dei andre øyane for å redusere prisen.
Tilflyttingsgruppa vil gjerne få på plass eit samarbeidsprosjekt med Placement, vi må jobbe vidare med strategi for å få på plass dette (samarbeid med dei andre øyane + kommunen, korleis få økonomisk støtte).
Referent: Mette Krogsæter