Referat frå møte i Trivselsgruppa 03.02.16
Tid og stad: Flem skule, kl 19.00 – 20.30
Dei som møtte var: Johanne Flem, Sigrun K. Longva, Birgit Fjelle, Arnfinn Flem, Camilla F. Otterlei, Evy H. Rogne og Sigrid Rogne
Saksliste:
– Oppsummering av året 2015
– Val.
– Vegen vidare for Trivselsgruppa
Oppsummering
Det har blitt gjort mykje godt arbeid i Øyrådet i året 2015. Av ting som Trivselsgruppa har gjort, var det særleg kafédrifta, leikeplassen på skuleområdet og arbeidet rundt kvileheimssaka som vart nemnd.
Val
Det blei vanskeleg å gjennomføre val på grunn av lite oppmøte. Både Arnfinn og Sigrid kunne tenkje seg at nokon tok over som leiar og nestleiar i gruppa. Valnemnda skal sjå på saka.
Vegen vidare
Vi prata om kor mange fine trivselsaktivitetar og gode tilbod her er ute på øyane frå før av. Mange er allereie engasjerte i ulike lag – kanskje er Trivselsgruppa noko overflødig? Talet på medlemmar i Trivselsgruppa har gått ned, og det kan vitne om dette. Det kom forslag om at Trivselsgruppa ikkje treng å vere ei så aktiv gruppe, men at vi er der når det trengst. Vi håper likevel på fleire medlemmar.
Andre tankar
Kafédrift er noko som framleis kan arrangerast, med meir tilrettelegging for eldre (informasjon og skyss). Eldrekafear andre stader har vist seg å vere suksessfulle. Gruppa vil likevel at kaféen skal vere eit tilbod for alle aldersgrupper. Opning av leikeplassen på skulen er også noko som Trivselsgruppa ønskjer å få til.
Referent: Sigrid Rogne