Referat frå møte i Trivselsgruppa 14.10.15.
Tid og stad: Flem skule, kl. 18.00 – 19.00.
Til stades: Arnfinn Flem, Johnny Austnes, Evy H. Rogne, Sigrun K. Longva, Johanne Flem, Camilla F. Otterlei, Knut Otterlei og Sigrid Rogne
Kvileheimen
Det har kome positive tilbakemeldingar når det gjeld det som har blitt gjort med kvileheimssaka, både under HaNo-dagane med underskriftskampanjen, og på folkemøtet. Det var eit godt oppmøte på folkemøtet, noko som vitnar om at det er ei viktig sak for folk på øyane. Det har blitt foreslått å opprette ei gruppe for å følgje opp folkemøtet som var. Det er ei viktig sak, og vi må sikre at saka blir tatt opp på nytt i kommunestyret. Kanskje bør hovudstyret i Øyrådet presse på her? Arnfinn vil prate med dei det gjeld her.
Vi vil prøve å få fleire frivillige til å ta med eldre på tur, arrangement osb. Kanskje kan ein site på butikken og spørje folk, eller legge fram liste som folk kan skrive seg på? Ann Kristin Berg har tatt kontakt og vil få til eit møte for dei som har meldt seg som frivillige.
Forslag: Det er mykje som skjer i tida som kjem. Kva med å få til at frivillige kan ta med eldre på arrangement som skjer framover: konsertar osb. Vidare kan ein også få til noko på kvileheimen, til dømes ein kveld i veka med musikk og song.
Det blir etterlyst meir og betre informasjon om det som skjer i kommunestyret. Vi ønskjer betre dekking av kommunestyresaker i lokalavisene, noko som var meir synleg før i tida.
Kafédrift
Karianne og Berit hadde ansvar for kafeen som var på grendahuset sist. Det blei eit bra oppmøte i løpet av dagen. Idé om kafédrift: Kanskje kan ein lage kafé på kvileheimen utpå våren. Få fleire bygdefolk inn på besøk. Målgruppa er først og fremst vaksne og eldre som vil ta turen innom. Dette kan bli kjekt og sosialt for bebuarane også. Vidare blei det påpeika at ein bør informere dei eldre i samfunnet om dei dagane det er kafé, og sikre at dei har skyss til og frå (ein jobb for frivillige?).
Anna
Det går framover med skuleområdet. Det er mange flinke folk som står på og arbeider for å få det bra. Det har blitt sendt inn oversikt over møtetid for Trivselsgruppa. Knut Flem sender inn skjema frå alle gruppene for å få støtte frå bygdemobiliseringa. Arnfinn fortalte kort om turen til Sekken. Det var interessant å sjå korleis eit lite samfunn held det gåande. Knut sto for presentasjonen av det Øyrådet arbeider med. Alle som var med var einige i at det var ein givande tur. Når det gjeld skulehytteprosjektet har det blitt sendt inn byggesøknad til kommunen. Her ventar ein på svar.
Tidspunkt for neste møte blei ikkje bestemt.
Referent: Sigrid Rogne