Møte med Placement
Tysdag 16. september hadde styret i Øyrådet møte med Gert Rietman frå Placement AS på Gunnabuda. Det er gjort avtale om at Placement og Øyrådet skal samarbeide om å få «livsstilsflyttarar» frå Nederland og Belgia til å busetje seg her på øya.
Placement AS er eit firma lokalisert på Sjøholt som har spesialisert seg på å «hente» livsstilsflyttarar til Noreg frå Belgia og Nederland. Det er det nederlandske ekteparet Janet Roelofs og Gert Rietman som driv firmaet. Dei har hatt stor suksess med å få folk frå dei nemnde landa til å busetje seg i Noreg, og dei siste tiåra har fleire tusen nederlendarar, belgiarar og til dels tyskarar flytta hit.
Prosjektet skal gå over to år, og målet er å få barnefamiliar særleg frå Nederland og Belgia til å flytte hit til øya og busetje seg her.
Meir om Placement AS her, og promotering av vårt prosjekt her (på nederlandsk).