Referat frå møte i Skulebu-gruppa 03.11.15
Stad og tid: Sjurgarden kl. 18.00 – 20.00
Medlemer til stades: Jan Arne Longva, Severin E. Longva, Kåre S. Flem og Knut G. Flem.
Forfall: Arnfinn Flem og Per Olav Vedeld
Sak 1. Byggeløyve for Skulebua
Det er blitt søkt kommunen om løyve til å bygge hytta oppe på Skuletoppen, og løyve har vi fått. Så når alle formalitetar med søknaden om spelemidlar (sjå nedanfor) er i orden, er det berre å starte å bygge Skulebua!
Sak 2. Tomtegrunn
Grunnen der hytta skal stå er felleseige (jordsameige) for 14 bruk på «Ner-Longva». Det er skrive ein 21-årig leigeavtale for tomtegrunnen som eigarane av alle dei aktuelle bruka har signert.
Sak 3. Søknad om spelemidlar
Skulebua er ei såkalla «dagsturhytte», og slike hytter kan få tilskot av spelemidlane med inntil 50% av kostnaden. Når hytta er kostnadsrekna til kr 514.000, er dette gode pengar som er vel verdt å prøve å få tak i.
Søknad er sendt, men den manglar tinglyst leigeavtale av tomtegrunnen, som er eit krav for å få spelemidlar. På grunn av at plassen hytta skal stå er jordsameige, må saka gjennom ein prosess i jordskifteretten for at tinglysing av leigeavtalen kan bli gjort. Sjølv om dette kostar ca. kr 28.000 i gebyr, går vi for å gjennomføre saka i håp om å få spelemidlar.
Dersom søknaden blir godkjend vil vi få spelemidlar, men det kan ta fleire år før pengane kjem. I mellomtida må det skaffast pengar til innkjøp av material m.m.
Sak 4. Økonomi/finansiering
Skulebua har så langt fått tilskot frå ymse hald på til saman 50.000 kroner. Men for ein del av pengane er det eit vilkår at hytta vert bygt innan ei viss tid, elles vert pengane trekt tilbake. Gruppa diskuterte ulike måtar å få inn pengar på, og tiltak som sponsing frå bedrifter, romsjulsdans, kronerulling og innsamling på andre måtar vart nemnt. Denne saka vil det bli arbeidd vidare med.
Elles er dugnad ein viktig del av finansieringa, og alt byggearbeidet skal gjerast på dugnad. Dette har ein verdi på om lag 158.000 kroner.
Referent: Knut Flem