Muritunet – ein institusjon i mange sine hjarte
Laget Gamleskulen på Flem hadde overlege Ole Johan Høyberg ved Muritunet til å fortelje litt om institusjonen og arbeidet sitt. Han er også leiar i Eldrerådet i Haram.
Høyberg, som er av Vatneslekt, har vore tilsett ved Muritunet i ca. 3 og eit halvt år som medisinfagleg ansvarleg. Han har ei lang rekkje med erfaring, frå Mork rehabiliteringssenter i Volda, Vestmo behandlingssenter på Moa, fastlege i Brattvåg, langvarig psykiatriarbeid i Molde og Ålesund. Han har studert medisin i Belgia, Austerrike, Tyskland og Norge. Det var mykje tøffare å studere i utlandet enn i heimlandet, seier han.
Muritunet
Muritunet er ikkje det det var, frå bekkenleddsplager og kroniske smerter i musklar og blautdelar, har Muritunet utvida tilbodet sitt til rehabilitering i eit langt vidare sjukdomsspekter. Her kan nemast: lungesjukdomar, kols, hjarte, kroniske muskel smerter, sjukleg overvekt, brot og slitasje, psykiske lidingar og kompleks rehabilitering for dei med mange ulike plager. Behandlingstilbod også på Moa.
Sjukdomar
Høyberg heldt foredraget sitt i ein lett tone og kommuniserte med tilhøyrarane under vegs, slik at problemstillingar kunne avklarast etter kvart. Han kom inn på årsaker til ein del av sjukdomane. Mange lidingar kan ha med dårlege arbeidsforhold å gjere. Tilsette med mistrivsel kan kvi seg for å gå på jobb og utvikle sjukdom. Eit samarbeid med NAV og arbeidsgjevar kan løyse mange slike problem.
Fibromyalgi, ein kronisk muskelsjukdom som oftast råkar kvinner, meiner Høyberg skuldast overbelastning i samanheng med omsorg. Kvinner med omsorg for heimen, born, ungdom i trass, foreldre, m.m. Må få ting til å gå rundt og vert stressa. Medan menn med hjarte og lungeproblem som har røykt eit langt liv – truleg berre har røyken og for mykje kvile på sofaen å skulde på. Overvekt – eit aukande problem – som fører til sjukdomar. Ofte får denne gruppa manglande surstoff og kjenner seg trøytte. For unge er det også depresjon, dei kjenner seg fanga i eigen kropp. Løysingar på slike problem må også inkludere heile familien.
Han kom inn på ein peikeregel. Når ein peikar mot nokon andre som har skulda, burde ein vere obs på at ein finger peika fram, ein gjerne opp, medan tre peikar tilbake på ein sjølv.
Muritunet kan hjelpe
Utstyret på Muritunet er omfattande og moderne både når det gjeld undersøkjing og behandling. Godt personale som tek i mot og gjev behandling. Ja, stort godt nøgde passientar bør vitne om godt stell.
Muritunet har lungelege, fysioterapeut, psykolog, ergoterapeut, ernæringsfysiolog, sjukepleiarar m.v. Ei rad med fagfolk klar til teneste. Dei har mange gode resultat, men skal han framheve noko dei er veldig førnøgde med, må det vere behandling av fibromyalgi. På Muritunet får desse passientane betre tid til å roe ned. Dette er ei gruppe som får lite hjelp i systemet elles.
Fornøgde tilhøyrarar
Ikkje så mange i kveld, men Elias Rogne med ord i si makt: Gå heim og sei at no har de gått glipp av det beste som har vore på Gamleskulen.
Olav Skarstein