NIL feira idrettsåret

Pokalgjengen.
Nordøy Idrettslag hadde all grunn til å feire! Det aktive rekord idrettsåret i 2016 vart slått ned i støvlane i 2017.
Laget har mange aktivitetar, og ikkje minst legg dei til rette for at folk skal kome seg ut av godstolen til fysisk aktivitet og sosialt samvære. Årets idrettsfest samla 207 til bords til julemat, til oppsummering av årets aktivitet, til heider og ære og til dans slik juleribba fekk bein å gå på.

Aktive – fjelltrim og turmarsj!!
Aktivitetar i året
Turar til postar i fjell og mark er nok dei mest populære, medan padling, vollyball barnetrim, treningsrom m/treningsapparat, Nordøysykkel og TaeKwon Do har trufaste deltakarar.
Det er 12 postar i terrenget, frå fjøre til fjelltopp. I 2016 var det rekordmange som noterte seg på postane. At ein skulle få ein auke frå 16.877 i fjor til 26.212 i år, er nesten utruleg, heile 55% auke! Alle postane kunne notere pluss. Heilt på toppen av fjellet var det 2.861 som hadde notert vitjing mot 1.978 i 2016. Også i år har ein merka mange tilreisande i den lokale naturen.
Idrettslaget har arrangert ”turmarsjar/kom deg ut” med samling av ymse slag, til ein stad der ein varm kaffikopp eller ein grill med høve til å svi litt mat ventar. Både sommar og vinter. Samlar masse folk kvar einaste gong. 539 kom seg ut på tur (453 i fjor).
Konkurranse

Trimdronninga, Perny Flem Fugledal
Nokre prøver å bli best, andre prøver å vinne over seg sjølv. Berre det å få nok poeng til ei utmerking er ein siger. Poeng får ein m.a. ved å registrere seg på ein post eller ved å oppnå ein definert aktivitet. Pokalpoeng til 93 personar (63 i fjor) som nådde 75 poeng eller meir. Perny Marie Flem Fugledal toppar lista i år som i fjor med god margin, 1.339 poeng.
Litt lågare krav til born/ungdom der 14 fekk pokal. Til topps gjekk Eric Longva Husevåg med 187 poeng (topp også i 2016).
Flest gonger på Skuletoppen – Oddgeir Otterlei med 200 turar. Slå den.
Nytt av året var motbakkeløp frå Flem Skule til Skulen. Dato var sett til opningsdato for Skulebua på toppen av fjellet. Grunna dårleg vêr vart det utsatt til ny dato. Då var vêret mykje verre. Gratis dusj heile vegen opp. Det stogga ikkje dei ivrige. Både ungdom og vaksne tok del i den 5,2 km lange løypa på nesten 490 høgdemeter. Beste tid fekk Kenneth Slyngstad med 36:13 min.
Med lokk og lur
Når det vert lagt til rette, så er det så mykje lettare og freistande å ta turen – ut. Ut til ei oppleving og fellesskap. NIL har jobba med vedlikehald av skilting, utplassering av benkar, reparasjon av gapahuk og grillhytte. Jobba på Skulebua. Vedlikehald av redskapshus ved Longva Stadion, nytt kunstgrasdekke i ballbingen på Longva og finansiering av ny gapahuk på Brandalsryggen – der Dag Nogva og Anders Rogne berre skulle planere litt. Brått vart det grobotn for ein ny gapahuk til glede for alle på tur.
Julebord og dans
Ribbe og stappe. Mat i lange baner. Det vart aldri tomt. Alle vart mette og vel so det. God mat sjølv om den hadde reist eit stykke.
To gode naboer hadde dansemusikken – den gode musikken.
Langt på natt!
Olav Skarstein
