No har vi sola og snart er det sommar!
Nordøy Idrettslag og sola skein om kapp etter kvart som blide små og store trimmarar registrerte seg i årets påskemarsj. Ein opptur for å seie det tvetydigt.
Mange nytta dagen
Godt over 100 tok beina fatt i det som var årets varmaste dag så langt. Nordøy Idrettslag har arrangert påskemarsjen i ei årrekkje og folk har trassa vêr og vind for å vise viljen til fysisk aktivitet. Denne dagen var det ei naturglede å vere med.
Eit par år med korona har vore med på å redusere aktiviteten, men i år var det opptur med mange og tjue prosent. Meir folk på tur!
Nytt av året
Ofte har registreringspunktet hatt kaffi og saft på programmet, men i år på ny plass, naustmurane ved Gunnabuda på Longva med nye aktivitetar; Påskeeggleiting for dei unge, krabbejakt i strandkanten, quis for alle og varme grillar for medbrakte godsaker. I solsteiken i sjøkanten med småbåra sin forsiktige melodi, var det godt å vere.
Vinnarane
Påskeegget, godt gøymt for unge dektektivar, fann sin overmann i Amund Longva Standal. Hallgeir Remme, øyane sin gode ven i fotball, musikk og buss tok utloddingspremien med heim. Modig krabbefangar Matheo Longva Austnes var best i å fange kabbar. I ein hårfin quis med 18 av 21 rette drog Britt Tove Vedeld Molnes det lengste strået. Det var på hengande håret!

Unge trimmarar med sans for grillmat. Øystein Bergheim, Petter Høistad Bergheim, Evan Johan Hatlehol, Patrich
Flem Otterlei, Steffen Ravnestad, Matheo Flem Otterlei og Svein Olav Otterlei
Nordøy Idrettslag
Skuløy/Flemsøy kan vere stolte over eit idrettslag som står på med aktivitetar for alle – frå trim til styrke, frå ung til litt mindre ung! Og ikkje minst ein idrettsfest som samlar alle.
No har vi sola…
Har lånt Halvdan Sivertsen sin tekst i ”Nordaførr – Vårvisa” i overskrifta, for den passa så utruleg bra til denne varme siste påskedagen i år – og snart er det sommar!
Olav Skarstein