Nordøy Idrettslag feirar idrettsåret!
Med julemat, pokalar, heider og ære feirar NIL eit aktivt idrettsår og kunne dele ut heile 84 trimpokalar til aktive medlemer. Det er mange på ei lita øy.
Det flotte med denne idrettsfesten er at her møtest generasjonane festkledde til feiring, til mat og dans. Ungdommar i alderen 15 til 80 år har det kjekt i lag, har det hyggeleg medan mobiltelefonane får velfortent kvile. Tenk, folk såg opp, glodde ikkje ned.
Aktivt idrettsår
I år var det igjen auke i registreringar på dei 12 postane på øya. 25.604 noteringar er ein auke på 4,7% frå året før. Største auken finn ein på postane Djupedalen og Midtremma som går ei runde rundt tunellinnslaget på Nordøyvegen på Longva.
Festleiar Christian Rønning meinte det var størst aktivitet når tunellarbeidarane var ferdig med skiftet på ettemiddagen. For då lukta det så godt middagsmat i området. Den andre festleiaren, Gjertrud-Marie Longva hadde kontrollen på trimmarar og utmerkingar. Flest turar på Skuletoppen i år hadde Kari Rogne Kolseth med 184 toppnoteringar. Ho fekk dermed første napp i den nye toppokalen.
Mange aktivitetar

Dei 8 beste: Gjertrud-Marie Longva, Beate Rudi Longva, Kari
Rogne Kolseth, trimdronninga Perny Marie Flem Fugledal, Tor-
Erik Riksheim Husevåg, Aurora Longva, Knut Otterlei og
Konrad Rogne
Nordøy Idrettslag har mange aktivitetar som lett kan tilpassast dei einskilde, ung eller gamal, sprek eller berre sånn passe. Ein kan boltre seg i fjelltrim, turmarsj, barnetrim og aktivitetsdagar. Eller du kan bryne deg på Tae kwon do, Vollyball, padling, sykkel, treningssenter og Nordøyveggen. Sistnemnde er ein klatrevegg i Nordøy Grendahus. Medlemer i NIL har tatt del i aktivitear mange stadar i landet, m.a. Havgapløpet, Nibberittet, Nordvest Maraton, Ålesund Maraton, Offroad Finnmark 300, Birkebeiner Sykkel, Den store styrkeprøva (Trondheim-Oslo) og Molde 7 toppar.
Flott fest
Heile 240 til middagsbordet. Velfylte serveringsfat heile tida. Kjøkengjengen, niande klassa ved Haramsøy Ungdomsskule jobba godt saman med nokre av foreldene.
Dei var lette å be, service som på restaurant. Dei jobbar for inntekter til skuletur til Polen.
Terningkast seks.
På ein fin idrettsfest er det sjølvsagt dans, orkesteret i år var Party Express med vetranane Torkjell Bjørstad frå Valldal og Frank Iversen frå Stordal. Dei fekk fort fart i swingfoten.
UL Fram hadde tilfeldigvis swingkurs fredag og laurdag, og nye swingarar kunne derfor vise ny dansekunnskap på festen.
For å seie det som det er, seint i seng denne natta. Berre heilt greitt når ein har vore i godt 16lag.
Olav Skarstein