Nordøy Idrettslag med skidag
Kuldegrader med vind og sol, men med flotte skiløyper og frisk luft. Litt kalde føter og hender får ein tåle på ein slik fin vintersøndag. Pølsegrilling og saft og kaffi.
Nordøy Idrettsslag (NIL) hadde alle gode odds med seg på ein kald fin søndag og skidag i laget sin regi. Nye løyper var lagt tilpassa skiturar på 3 nivå, lang, lengre og lengst. Løyper for dei unge frå null til tretten år med premiedryss og medalje. Tre grillar var tende i god tid, grillvakt Daniel Lødøen Grebstad sørga for varm glo. Og i eit flott utearrangement hadde folket vet til å halde avstand. Meteren var på plass og berre familiar og folk med vanleg kontakt var naturleg i lag. Ein del berre registrerte seg og fossa vidare i fine skispor.
Skidag
Løypene på Flemsøy/Skuløy førde alle innom Longva Barnehage. Frå alle kantar kom unge i alle aldrar fram til målet med nye utfordringar. 45 born gjekk i konkurranseløyper. Alle kom i mål. Mange eldre gjekk også løypene og kunne kose seg rundt grillane etterpå. Det er ikkje mykje som kan måle seg med pølse på grillen, ute og kaldt, med sennep og ketchup.
Mange kom
Ein kald dag, lys og fin, NIL noterte 150 med stort og smått i løype og rundt grill i dei to timane det var registrering. Ikkje alle på ski, men det vikigaste var å få folk ut av godstolen. For uteliv og eigen aktivitet er vel mykje betre enn å sitje inne å sjå sport. Vel litt begge deler vil dei mange seie.
Godt tilrettelagt
NIL jobbar for å få folk til å trimme og kome i form. Det er derfor viktig at laget legg til rette for aktivitet. Skiløyper og aktivitet i samband med grilling og opplegg for dei yngste var denne dagen midt i blinken. Fin dag og litt kald på nasen.
Olav Skarstein