Nordøy Idrettslag viser veg!
Ut av godstolen! Ut i fjell og fjøre! Ut i hyggeleg lag i Nordøy Grendahus til julemat, utdeling av trimpokalar og til sosialt samvere! Det er greitt å hygge seg heime både med TV og sosiale media. Pizza og taco. Men du verda kor moro det er å vere mange i lag, ete god mat, diskutere, dele meiningar og danse. På NIL sin årsfest er alle pynta og i godt humør og unge og vaksne går heilt flott i lag. Kanskje kan eit godt ord sagt for lenge sidan få nytt liv: ”Korfor mure seg inne når ein kan more seg ute?”
Engasjerte medlemer. Ein årsfest er eit lite punktum på eit idrettsår, ein får vite resultatet av sportsleg aktivitet, heider og ære, ja kanskje bli inspirert til å gjere det litt betre neste år. Her kan ein dele meiningar og det var ikkje vanskeleg å høyre eit sus av ferje, veg, fylke, Molde og motarbeiding. Sidan dette er ein gladdag for idretten, må slike negative ting få kvile.
Aktivt idrettsår. Idrettsåret i fjor var eit toppår. I år var ein nesten like bra, ørlite nedgang på registrerte postnoteringar, men det var fleire som hadde auka aktiviteten til ein større pokal. Det var talt opp 24.445 postregisteringar på øya. Utrekna på talet innbyggarar, ville det ha blitt 51 turar pr innbyggar. Men då har ein ikke med alle dei som aldri registerer ein einaste tur. Flest gongar på Skuletoppen; Oddgeir Otterlei med 172. Tre napp i pokalen som vert hans til odel og eige.
Mange aktivitetar. I Nordøy Idrettslag kan du surfe relativt lett på ein aktivitet som høver til alder og form, som fjelltrim, turmarsj, barnetrim og aktivitetsdagar. Eller du kan bryne deg på Tae kwon do, Vollyball, padling, sykkel, treningssenter og Nordøyveggen. Sistnemnde har to g-ar og er ein klatrevegg i Nordøy Grendahus. Medlemer i NIL har tatt del i aktivitear mange stadar i landet, m.a. Birken, Jotunheimen Rundt og Den Store Styrkeprøva (Trondheim-Oslo). Tøffe tak for godt trente NILarar.
Flott fest. Heile 223 til middagsbordet. Også dei på ventelista kom med. Du veit, ein kan ikkje utvide eit lokale berre med tankekraft. Så naturlege avmeldingar gav plass til dei på ventelista.
Er også imponert over ein kjøkengjeng, niande klassa ved Haramsøy Ungdomsskule. Jobbar for inntekter til skuletur. Serveringsfata var heile tida velfylte. Du kunne stole på service frå første sekund.
Fem stjerner til kjøkengjengen!
Dans heile kvelden……………
Olav Skarstein