Nordøyvegen på folkemøte
På folkemøtet som Øyrådet arrangerte tysdag 26. januar, var Nordøyvegen eit hovudtema. Det var knytt spenning til om det var noko nytt om framdrifta, særleg det som gjeld kvalitetssikringa av økonomien i prosjektet (KS2). Styreleiaren i Nordøyvegen, Bjørn Sandnes, kunne opplyse at KS2-rapporten skulle kome tysdag 2. februar. Utsendingar for prosjektleiinga fekk på eit møte i Oslo vite at tala såg bra ut.
Stort vegprosjekt
Prosjektleiaren for dette store veganlegget, Marianne Nærø, heldt eit godt og grundig foredrag om korleis prosjektgruppa arbeider og om kva som vil skje når sjølve anleggsarbeidet kjem i gang. Denne informasjonen var nok ny for mange, og gav eit godt inntrykk av dei store dimensjonane dette prosjektet har.
Ringvirkningar i lokalsamfunnet
Til hausten er det planen å flytte prosjektkontoret frå Olsvika til Skjelten. Der skal det byggast ein «rigg», som Nærø kalla det – altså brakker som skal innehalde kontor og andre fasilitetar til prosjektleiing og administrasjon. Ein mindre slik rigg vil også bli sett opp anten på Fjørtofta eller Harøya.
Desse brakkeriggane vil trenge varer og tenester av ymse slag, noko som vil kome lokalsamfunnet til gode. Enno meir vil det merkast når anleggsarbeidet startar – då vil entreprenørane ha behov for mangt og mykje som lokalsamfunnet kan levere. Ringvirkningane vil såleis kunne bli store dei fem åra vegbygginga er berekna å vare.
Sykkelforbod
Marianne Nærø viste fram tekniske kart med mellom anna stigningsgrad på vegen i tunnellane. Ho opplyste at det ikkje ville bli tillatt å gå eller sykle gjennom tunnellane. Syklar må såleis fraktast til og frå øyane med bil, eventuelt båt, sa Nærø. Men Lepsøybrua blir farbar med sykkel og til fots; der blir laga baner til det bruk.
Vegen Austnes – Longva
Bygdevegen frå Austnes til tunnellinnslaget på Longva er ikkje med i prosjektet, fortalde Marianne Nærø. Den blir med andre ord liggande slik han er også etter utbygginga av Nordøyvegen. Ho sa at ho forstod godt at spørsmål om dette vart reist i grendahussalen, men at «bestillinga» som Vegvesenet hadde fått frå fylket ikkje inkluderte den nemnde vegen.
Oddbjørn Vatne, mangeårig pådrivar og tidlegare styreleiar for Nordøyvegen, sa at vegen Austnes – Longva måtte takast ut av prosjektet av økonomiske omsyn. Men der er eit håp om at det kan ordne seg likevel, ettersom kostnadsramma for heile prosjektet er forventa kostnad pluss ti prosent. Dersom prisen blir som forventa, kan der såleis bli pengar att som kan brukast til å ruste opp bygdevegen, sa Vatne.
Stykkevis og delt?
På spørsmål frå salen om delar av vegen vert opna for ferdsel før heile sambandet er ferdig, sa prosjektleiar Nærø at dei har gitt fylket eit råd om rekkefølgja på bygginga. Men kva rådet går ut på vil ho ikkje gå ut med offentleg før fylkespolitikarane er orientert.