NRK lagar namneprogram om øya
Etter konserten med Nordøyane Storband søndag 7. februar entra NRK ved Gøril Grov Sørdal scena på grendahuset for å gjere opptak til TV-programmet Nomino – eit program om stadnamn.
Salen var fullsett på konserten, og dei fleste vart sitjande for å sjå og høyre kva fjernsynsteamet hadde føre. Dei hadde vore på øya eit par dagar og snakka med folk og gjort intervju, og hendinga på grendahuset var det siste opptaket dei skulle gjere for å samle stoff til eit program i Nomino-serien.
Det var nok med ei viss spenning folk venta på å høyre kva Gøril Sørdal hadde å seie. Ho streka innleiingsvis under at ho ikkje var komen for skape ufred på nokon måte, før ho fortalde om «namnekampen» mellom Flemsøy og Skuløy som gjekk føre seg for knappe hundre år sidan.
Namn på postopneriet
Ho hadde gjort grundig «research» og kunne fortelje om ei namnesak som hadde blitt handsama i heradsstyret og postverket, i departement og hjå både lensmann og fylkesmann. Ikkje berre ein gong, for saka hadde gått fram og tilbake fleire gonger.
Det var i utgangspunktet namnet på poststaden, som då var Flemsøy, som ein del av folket på øya ønskte å endre. Sørdal fortalde at Flemsøen postopneri vart oppretta i 1891. I april 1919 endra heradsstyret i Haram namnet til Flemsøy for å gjere det norsk og meir i samsvar med lokal uttale av namnet. Nokon såg då sitt snitt til å løfte fram Skuløy-namnet, og U.L. Fram på Rogne tok fatt i saka.
Underskriftsaksjonar
Det vart først samla inn underskrifter for å fremje Skuløy som namn på poststaden, og seinare kom ei «motliste» frå Flemsøy-tilhengarane. Dei som skulle bestemme vart «i tvende sinn» om kva dei skulle gjere, men så kom Fylkesmannen på ei løysing som skulle vise seg å bli sluttresultatet.
Namnebyte
Sidan posthuset ligg på garden Longva, og plassen dessutan er stoppestaden for rutebåten, kunne postkontoret like gjerne bere dét namnet, meinte fylkesmannen. Han gjorde framlegg om dette til Poststyrelsen i Handelsdepartementet, som gjekk inn for denne løysinga og bestemte at namnet på postopneriet skulle vere Longva. Dette vart gjort gjeldande frå 1. juli 1922.
Ein konsekvens av namneskiftet var at rikstelefonstasjonen også bytte namn til Longva, og same namnet fekk gravstaden som vart oppretta litt seinare.
Øynamn på kartet
Utgangspunktet for historia Gøril Sørdal fortalde, var striden om namnet på postopneriet på øya. Ei parallell sak ho ikkje sa noko om, men som bør nemnast for å gjere biletet og historia komplett, er at det om lag på same tid også vart arbeidt for å få Skuløy inn som namn på øya hjå Noregs kartverk. Etter ei tid gjekk kartverket med på dette, og Skuløy fekk etter kvart plass på kartet saman med Flemsøy. I dag brukar kartverket begge namna.
Meiningsmåling
Som ein del av opplegget hadde Nomino/Sørdal invitert til ei uhøgtidleg «folkerøysting» (meiningsmåling, presiserer Sørdal) over øynamnet, der ein òg kunne kome med forslag til nye namn. Øynamna det kunne stemmast på var Flemsøya/Skuløya, Flemsøya, Skuløya og Longva.
Folket i salen var nok litt spente på resultatet, og Gøril Sørdal heldt spenninga ved like ved å starte med namnet som fekk færrast stemmer for så å bygge det opp med «vinnaren» til slutt.
Resultatet vart slik:
Det var altså ingen av namna som fekk «absolutt fleirtal» (over 50% av stemmene).
Nordøy var i utgangspunktet ikkje med blant røystealternativa, men sidan det var relativt mange som foreslo dette namnet, kom det med på tavla.
Av nye namn som var foreslått vart nemnt Midtøya, Skuløy/Flemsøy, Skråstrekøya, Saksøya, Ørnøya i tillegg til nemnde Nordøy.
Fleire øynamn kan vere ein fordel
Avslutningsvis meinte Gøril Sørdal ein ikkje trong sjå på dei mange namna som eit problem. «Det er kanskje på tide de ser på dei som lokale kulturskattar. For det er det dei er. Kvart stadnamn er ein skatt, med si eiga historie. Det er ikkje rart namna er viktige for dykk. Kva om de snur på flisa og seier: Ingen andre øyar kan smykke seg med så mange namn som vår».
Samansveisa lokalsamfunn
På spørsmål om nokon i salen ville seie noko, kom det kort og konsist frå ei mannsstemme: «Lat dragen få sove». Ytringa såg ut til å beskrive stemninga mellom publikum, og ingen sa noko meir.
Sørdal la til: «Det er lett å sjå at de no er eit samansveisa samfunn. Håper eg forlèt dykk like fredsæle som de var då eg kom».
Som for å streke under dette, oppmoda ho folket i salen til å stille opp på scena «i skjønn forening» – dess fleire dess betre. Og folk stilte villig opp og fylte scena «til randen». Nokre fekk halde skilt med dei ymse namna, og så kunne dei mange fotografane konkurrere med TV-fotografen om å få dei beste bileta.