Ny lokalhistorisk bok
Haram kulturhistoriske lag samlar og publiserer lokalhistorie for gamle Haram kommune. Den bestod av dei fire noverande Harams-øyane pluss Uksnøya og Myklebust, samt Hildrestranda og Brattvågen etter at den «oppstod» i 1911.
HKL gir som regel ut eit «skrift» kvart år med historie av ymse slag frå alle dei nemnde stadene. Etter kvart er dette blitt ei heil bok, og årets eksemplar har heile 219 sider. Den inneheld 17 artiklar frå alle dei nemnde stadene bortsett frå Myklebust og Uksnøya.
For den som er interessert i lokalhistorie er desse bøkene frå HKL ei gullgruve. Er du i beit for julegåve til ein far eller ei bestemor, kan denne boka vere midt i blinken. Den kostar kr 350,- og er no til sals på COOP Marked.
Om nokon ønskjer å bli medlem i HKL, kan dei kontakte Elias eller Sindre Rogne, eller leiaren, Magnar Rønstad. Medlemsskap kostar kr 350,- per år; boka er då inkludert.
P.S. Dette er ikkje reklame, berre støtte til å fremje kunnskap om vår fortid. Ingen tener pengar på dette, alt arbeidet er dugnad.