Nybygg , julegran og julemusikk!
Julegrana på Longva lyser, Flem skulekorps skapar stemning med kjende julenotar og ny ”kafé” opnar i Coop Longva! Ein plass å slå seg ned for både bygdefolket og tilreisande.
Det er så fint med litt glede i ein elles så grå kvardag i november. Med avstand og restriksjonar har vi fått ein smak av noko vi ikkje likar. Men opning av ny ”kafé”, tonar frå klarinettar og lys i juletreet, gjev ein pust av samhald, julestemning og livsglede. Likevel utan å gløyme reglane om meter og sånn, som vi må leve med ei stund til enno.
Juletre og julemusikk
Flem Vel og Longva Vel samarbeider om juletre og juletrelys, og leverer kvart år tre framfor Coop og Flem Skulekorps spelar og skapar ei lun julestemning. Få plussgrader gjer mine fingrar stive, men korpset står på, og imponerer musikalsk med mjuke fingrar. Ei veldig fin stund rundt juletreet. No er vi på veg inn i adventstida. Over 100 personar tok seg tid til markeringa ute rundt treet.
Kafébygg
Bygget som vart noko meir. Det starta med at Longva mangla eit offentleg toalett. No har Longva fått tinga på plass, med toalett med inngang både inne og ute. Ikkje avhengig av butikken sine opningstider. Dette vert nok kjærkome for turistar som tek seg turar på øyane.
Som sagt vart det noko meir enn toalett. Her er det eit fint kafélokale, der ein kan setje seg ned med ein kopp kaffi og evt handle seg litt mat i butikken som kan nytast i lokalet. Det er ikkje ein kafé med tilsette og sal av matrettar, men ein kan ha med mat eller som sagt handle på buda.
Styrar ved Coop Longva, Janne Flem, er veldig nøgd med det nye bygget. Det kjem til nytte for Coop, for turistar og for bygdefolket. Det viktigaste er at no er tilgjengleg toalett heile døgnet. I kafélokalet kan ein setje seg ned å ete sin mat, eller prate. Fint for kundar som er avhengig av buss å ha ein plass å vente på bussen. Coop har fått nytt kontor og pauselokale.
Litt lokal kunst har fått plass på veggane i kaféen. Meir vil kome etter kvart.
Finansiering og dugnad
Det er Øyrådet som har stått for finansiering saman med Coop. Øyrådet har stilt med dugnadsfolk, mange har vore innom og vi har ikkje namna på alle. Men ein mann har vore sett ofte, Arnfinn Flem. Han var tidlegare styrar ved denne butikken, og han har lagt ned veldig mange timar dugnadsarbeid. Utan dugnad hadde ikkje bygget blitt reist. Dugnadsånda og det frivillige arbeidet står sterkt i denne bygda. Det er igrunnen eit varmerke i bygdenorge; dugnadsinnsats!
Olav Skarstein