Nyfjøsen på Rogne
På Nystøv-jorda på Rogne har Erling Rogne og Alice Farstad bygd ei ny, stor og moderne driftsbygning for Gunnagarden. Laurdag 19/11 heldt dei ope hus for alle som ville sjå og vite. Og det vart reine folkevandringa – mellom 200 og 300 nysgjerrige var innom dørene og fekk sjå eit flott anlegg.
Dei fleste lét seg imponere av nyfjøsen, og aller mest av den avanserte automatikken. Ein annan ting mange bemerka, var kor rolege, avslappa og fornøgde dyra verka. Erling fortalde at det var kyr som auka døgnproduksjonen av mjølk med over 15 liter etter at dei flytta inn i nye lokale. Dette skuldast både auka trivsel og at dei «mjølka seg» oftare enn før. Kyrne kan gå til mjølkeroboten når dei vil og bli mjølka inntil fem gonger i døgeret.
Vertskapet tok imot publikum med grillmat, kaker og kaffi og viste rundt og fortalde og svarte på alle forvitne spørsmål. Ei hyggjeleg og nyttig stund for øyfolket som no har fått vite kva som gøymer seg innom veggane på det store, fine, raude huset oppe på marka.