Opning av «nye» uteområdet ved skulen
Fredag 29. april var det offisiell opning av det oppgraderte og oppussa uteområdet ved Flem skule. Som mange vil vite, vart det sist haust sett opp mange nye aktivitetsapparat på området, mellom anna eit stort «multiapparat» som innbyr til mange slags leik. Eit anna som har blitt svært populært, er ei 30 meter lang taubane, og det same kan seiast om vippedissa.
Nye bordbenkar, plantekasser og blomsterkasser høyrer òg med i prosjektet. Blomsterkassene er snikra av elevane ved skulen, og bordbenkane og plantekassene vart laga på dugnad av foreldre. I tillegg har Nordøy IL i det aller siste sett opp ein skaterampe.
FAU-folk hadde i eit forrykande regnver sett opp eit partytelt (utlånt av Longva Vel) på skuleplassen slik at alt var klart for opningsfest kl. 17.00. Heldigvis hadde det då slutta å regne, og trass i ein kald vind var det god og triveleg stemning inne i teltet. Elevar, foreldre og sysken, besteforeldre og andre kosa seg med mat, drikke og «drøs». Fleire foreldre hadde laga gode kaker, og to store, flunkande nye, flotte grillar som Øyrådet har fått laga, sytte for både steikte pølser og karbonader, samt litt varme i teltet.
I ein kort opningstale fortalde rektor Tanja M. Otterlei frå toppen av multiapparatet om arbeidet med fornyinga av uteområdet – korleis det kom i stand og vart gjennomført. Øyrådet i samarbeid med skulen søkte på kommunale midlar som var utlyst for å ruste opp kommunale uteområde. Planlegginga og gjennomføringa har vore eit samarbeidsprosjekt mellom øyrådet, skulen, FAU og idrettslaget.
Finansieringa var 156.000 kroner frå kommunen, 35.000 frå Frifond for barn og unge, 35.000 frå Olav Thon-stiftelsen pluss nokre kroner frå eiga kasse. I tillegg gjorde foreldre og andre over 500 timar dugnad.
– No ser de resultatet av kombinasjonen pengar og dugnadsinnsats. Veldig flott har det blitt, dette er ein plass å møtast og å trivast på. Eit tilskot til positiv leik i friminutta på skulen og ein treffplass og eit utfluktsmål i bygda, sa rektor Tanja til slutt.
Æra av å utføre den høgtidlege opninga av «Nye uteområdet» var det nestleiar i elevrådet, Fredrikke Søvik Rønning som fekk. Ho klipte snora og erklærte leikeplassen for opna og avslutta seremonien med å seile ned sila på multiapparatet.