Optimisme og framtidstru
Heimkomesamling kombinert med fotballturnering for ungdom i Nordøyhallen i romjula. Stor aktivtet på bana og hos dei mange verksemdene som var representerte.
No når Nordøyvegen er vedtatt for n’te gong, kom optimismen og trua på framtida på kartet igjen. Næringslivet inviterer dei unge til å kome og vere med på Nordøyane si utvikling og verdiskaping innan maritim teknologi, havbruk, landbruk og turisme. Viktige framtidsnæringar for eksportvarer, matproduksjon og kapital.
Reguleringsplan
Jan Arne Longva syner ny reguleringsplan! Øyrådet for Flemsøy/Skuløy kunne vise fram ein fersk reguleringsplan for nemnde øy. Ein kan finne den på Haram kommune si nettside, ”kommuneplan”. Dette er viktig å vite seier Jan Arne Longva, fordi første utkast av reguleringsplanen kan endrast i samsvar med innspel frå alle, både privatpersonar og organisasjonar. Første utkast skal ligge ute i 6 veker, så ikkje vent med ditt innspel. Kanskje har du ein forretningside, ein ide til utvikling av øya.
Database over arbeidssøkande
Anne Marte Møller er mellom dei første som registrerer seg som søkjar.Ein ide om eit hjelpemedel, ein database over unge og vaksne som er interessert i arbeid på Nordøyane. Ein database som skal tene både næringslivet og arbeidssøkande. I første omgang hentar ein inn namn, e-postadresse og interesse. Målet er at databasen skal kunne ha fleire opplysningar om jobbsøkjarar, slik som personleg CV og annan relevant informasjon. Grunna personvern, må slike opplysningar ha ein trygg plattform, seier Geir Olav Otterlei. Ideen er tend, og fleire unge skreiv seg på lista om framtida.
Arbeidssøkande og interessert
Anne Marte Møller bur på Haramsøy med mann og barn. Ho vil så gjerne jobbe, men jobben må vere lokal. Ho trur at det vert fleire høve når Nordøyvegen kjem på plass, at folk flyttar ut og at arbeidsplassar kjem. Ho vonar også at den nye vegen vil vere med på sikre den sårbare infrastrukturen. Tilboda som gjer det mogeleg å bu usentralt.
Anders Tomren er øying, men no under utdanning i Volda. Han satsar på å bli grunnskulelærar. Han har lyst til å kome tilbake og få seg jobb. Kva har Nordøyvegen å seie for deg? ”Lysta til å kome tilbake, kome heim, auka frå kanskje til ja! Fridomen til å reise til og frå øya når eg vil er viktig. Eg trur også at dersom folk nyttar lokale tilbod, så vil ein kunne sikre infrastrukturen på øyane!”
Karoline Longva Arnesen, bur i Tønsberg, men mor bur her på øyane. Kjekt med slekt. Så ho er veldig interessert i å kunne kome attende til landsdelen. Ho trur at det etter kvart vert fleire høve til jobbar på øyane når Nordøyvegen knyter oss til fastlandet. Alle på Nordøyane må jobbe i lag for å få dette til.
Verksemder
På kort varsel kom viktige verksemder på Haramsøy og Flemsøy/Skuløy på plass med informasjon og kontaktpersonar. Frå teknologisk eksportindustri, havbruk, landbruk og tenesteyting. Ja, ein kan nesten seie ”framtida i våre hender”.
Longva Maskin er underentreprenør til Nordøyvegprosjektet. Jonny Longva hadde hatt mange interesserte i samtale. Både lærlingspørsmål og spørsmål om arbeid. Det er tidleg i prosjektet enno, men selskapet vil nok få masse oppdrag i Nordøyvegen. Reknar med dobbling av arbeidsstokken når startskotet går.
NorWest AS på Haramsøy, mekanisk verksemd i havgapet med kvalitetsprodukt. Fleire intersserte, ein kom og spurde om lærlingplass seier Andreas Aakre. Dei har no 4 lærlingar i verksemda og er opne for alle lokale som ønskjer å prøve seg.
Framtid
Vi veit at verksemder som Rolls Royce og Marine Harvest eksporterar så det susar. Ein eksport som må aukast. Den skjer i Nordøyvegen sin trasé. Det er mange fleire slike i traséen. Vi veit at landbruk og matproduksjon skjer i same traséen. Vi veit at vi ikkje kan lite på import av mat i framtida. Jfr. folketalet i verda og global oppvarming.
Vi veit at oljeeksporten vil ta slutt og at vi i framtida må lite på distriktsnorge. Både når det gjeld mat og eksport. Men veit vi konsekvensane av å ikkje ta omsyn til det vi veit?
Olav Skarstein