Over eit fjell, gjennom ein tunell, over ei bru…
…ja, der du bur! Skuleborna ved Flem skule opna Nordøyvegfesten med songen ”Vestlandet” – med ørlite tilpassa tekst til øymiljøet.
Lidvar Rogne, leiar i Øyrådet, kunne sjå utover ei godt blanda forsamling frå både Haram sine øyar og fastland i Nordøy Grendahus på Longva mandagskvelden. Så 99,9% sikker på at no er det endeleg gjort og festen kunne starte. Stortinget i langdryg drøfting utover kveld og natt om veg og kommunikasjon, vil ikkje rokke ved Nordøyvegen si sjebne. Vegen er på veg. Og slik vart det!
Vebjørn Krogsæter hadde med seg senterpartiet si partigruppe i Grendahuset. Dei slo fleire fluger i ein smekk. Feire vegen med øyingane og ha partigruppemøte, samt ete gode kaker. Rosa Oddbjørn Vatne for innsatsen. Han hadde også tankar om framtida. Unge skal vere med å skape nye arbeidsplassar, ja folket på øyane har ei stor oppgåve. Nye idear til viktige arbeisaplassar.
Anne Breiby frå Lepsøy hadde også godord og ville takke mange, men spesielt Oddbjørn Vatne. Hadde ikkje blitt veg utan han. Ho fekk med seg salen i ståande å klappe for Oddbjørn. Vegen knytar begge veger. No vert det mogeleg for fastlandet å kome ut til øyane, her er det framtid i havbaserte næringar. Noko som er svært viktig for utviklinga, er at skule og helsestell ikkje vert sentralisert, men blir verande på øyane, sa Anne Breiby til slutt.
Olaug Bjørneset frå NRK Møre og Romsdal hadde direktesending frå Grendahuset. Her fekk ho med både stemning og intervju. Det var mange born og unge i salen og sjølvsagt kom dei unge til ordet. Charlotte Johannesen Vindsnes fekk representere denne gruppa med sine framtidsønskje.
Heile ungdomsgruppa til UL Fram tok turen frå Rogne. I kostymer entra 40 unge scena og framførde ein sang frå musikalen Skjønnheten og Udyret som dei jobbar med med no. Ungdomleg god reklame for framtida.
Olav Skarstein