Nordøyane Storband med Count Basie
Det er noko ein må oppleve ”live”. Count Basie gjekk bort for 35 år sidan, men musikken lever. Det gjer også i høgste grad Pål Forr Austnes saman med Nordøyane Storband – noko å oppleve ”live”!
Søndagskveld på Haramsøy Samfunnshus – i ein konsertsal i sentrum av musikkoppleving. Ein konsertsal full av folk som elskar musikk, som elskar å vere i lag og som elskar å smake på kaffi og kaker.
Gjest og inspirator
Eckhard Baur som er tilknytta universitetet i Oslo, leia konserten etter ei god øvingshelg. Gjest, inspirator og dirigent. Han er glad i både Sunnmøre og folket, ja det er femte gongen med Nordøyane Storband (NSB). Første gongen var i 2005. Storbandet har utvikla seg opp gjennom åra, det er som å kome til dekka bord, seier han. Storbandet har ein mykje betre klang og er meir samstemde. Eckhard er glad i det gjestmilde og storslåtte Møre og har sjølvsagt henta si kjære frå Sunnmøre. Forstår godt dialekta her ute på øyane – med nokre få unnatak når engasjementet vert for stort og når dialekta er veldig sterk.
Eckhard dirigerte og informerte. Kjekt å få vite meir om Count Basie undervegs i konserten. Kor tid var han fødd? Ingen visste, heller ikkje Eckhard som innrømmer at han måtte nytte Google. Svar: 1904. Det er lenge sidan – og vil likar enno både musikk og arrangement. Vi fekk vite at Count Basie ikkje sjølv stod bak all musikken, både ein del komposisjon og arrangement var henta frå andre – utan at Count Basie vert noko mindre bra av den grunn.
Konsert og musikk
Nordøyane Storband har etter kvart fått ein homogen lyd. Er blitt flinke til å lytte til kvarandre. Samspelet gjev godlyd! Den faste dirigenten, Arvid Steen, er glad for den inspirasjonen som Eckhard gjev, skjerping på øving og kos på konsert! Arvid som har dirigert NSB i maaange år, kjenner også denne framgangen i det samstemte, i det homogene. Ja, Eckhard sa det: ”Som å kome til dekka bord”.
Arvid må også medgje at storbandet kjenner seg svært vel i Count Basie repertoaret, ein dansemusikkstil som rockar dansefoten og som gledar bandet.
Pål Forr Austnes og Count Basie
Musikken til CB og fingrane til PFA. Klart at det betyr, men ikkje aleine. Nordøyane Storband var i storform og hadde ikkje noko i mot å fortsetje etter trampeklapp. Så fortent – og så fortent til dei mange solistane som imponerte med si tolking av sine stemmer. Count Basie var ramma – dansemusikk frå den gongen då. I heile konserten hadde fingrane til Pål og flygelet noko å fortelje. Det pirrar i den gode velværa. I melodien ”Kid from the red bank” tok det laus. Då fekk vi kjenne på tonanen frå flygelet. Pål tok turen frå Lausanne i Sveits for å kunne vere med. Ei ferieveke kombinert med NSB. Pål trenar sine pianofingar også i Sveits, men må vedkjenne at studiearbeidet er krevjande og stadig må kome framfor musikken. Det kunne ikkje vi høyre.
Slagverk og humor
Hallgeir Remme, fotball, musikk og dei gode kommentarane. Det å gje ein snert i ein kommentar, det kan Hallgeir. Lotteri og gevinstar, levert til dei som vann og gode ord til dei som ikkje vann. Hallgeir har siste året merka seg at dirigent Arvid Steen har øva på mange instrument. Heldigvis har han gode naboa (Hallgeir er nok den næraste nabo)! Eckhard Bauer nyttar samanlikningar om itensitet – tabasco, tequila og slentre på Copa Cobana, alt overført til musikk, og om NSB toget – litt i det negative – Hallgeir lurte på om det var forseinka tog eller om det var signalfeil. Vert ikkje orden på dette før det vert buss for tog, seier bussjåfør Hallgeir!
Trivsel og konsert
Som perler på ei snor, melodiar og solistar. Flight of the Foo Birds med Arvid Steen, Trond Ravnestad og Eckhard Bauer som solistar og Kid from Red Bank der Pål Forr Austnes ausa på med tangentar (som sagt), kvite og svarte. Litt ut i konserten ausa Pål på med endå fleire tangentar i Basie Boogie, det svinga til dans. Nokre uroar seg for at storband i små lokale vert for tøft for øyrene. Sidan dette er ”live konsert”, er det lett å regulere ved å sitje framme eller bak i salen. Eg sat framme og kosa meg til kvar ein tone. Eckhard var solist til den heilt flate dansen, Li’l darlin’. Tett kjærleik i tett dans for den som vil!
Takk
Det var mange som ville gje eit handtrykk til dirigent Steen, og seie takk til storbandet for konsert og oppleving. Så kjekt for Nordøyane Storband – så kjekt å bli sett pris på.
Inspirasjon!
Olav Skarstein