Prosjekt «Bygdemobilisering» – tilskot frå Fylkesmannen
Øyrådet har søkt – og fått – midlar til «Bygdemobilisering» av Fylkesmannen i M & R. Det vil seie, vi har fått tilsegn om midlar, og pengane vil bli utbetalt etter kvart som vi utfører arbeidet/tiltaka som det er søkt om støtte til.
Som litt opplysning om kva dette prosjektet går ut på, tek vi med nokre sitat frå utlysingsteksten til Fylkesmannen for denne tilskotsordninga:
«Målet med bygdemobilisering er å utvikle livskraftige lokalsamfunn der folk trivst og ungdom finn ei attraktiv framtid. Satsinga skal stimulere til auka trivsel, entreprenørskap og etablering av lokale arbeidsplassar, kort sagt: Medverke til at bygda også framover blir ein attraktiv buplass.»
«Målgruppa for tiltaket er frivillege lag eller organisasjonar som vil ta tak for å skape nytt liv i eige lokalsamfunn. Prosjekta skal leggast opp breitt, og skal i størst mogleg grad involvere heile bygdesamfunnet.»
«Eksempel på tiltak kan vere idédugnader, miljøtiltak, utgreiingsarbeid, studieturar osv.
Mobiliseringsarbeidet skal gjennomførast utan fast tilsett hjelp, men midla kan brukast til å dekkje arbeidskostnader til sekretariat, førebuing til møte, dugnadsinnsats osv. Bygdeutviklingsmidla er ikkje tenkt til fysiske investeringar, men til å gjennomføre prosessen, få ting til å skje.»
Øyrådet har fått tilsegn om totalt kr 225.000, fordelt over tre år. Som nemnt vert pengane utbetalt på etterskot, når vi kan dokumentere utført arbeid og/eller kontante utlegg for tiltak som vi har søkt om midlar på. Verdien av tiltaka som er planlagt, er kalkulert til kr 630.000.
Mykje av arbeidet/tiltaka blir gjort på dugnad, og det er viktig at alle som er med på noko av dette noterer timane som blir brukt – fører dugnadsliste. Det vil bli orientert meir i detalj om kva som skal reknast som dugnad, og korleis ein bør føre dugnadsliste.
Prosjektet «Bygdemobilisering» som vi har søkt og fått (tilsegn om) midlar til, består av følgjande tiltak/arbeid:
- Etablere samarbeid med Haram kommune samt Haram Næring og Innovasjonsforum (m/hoppid.no)
- Etablere og drive nettstad og andre informasjonskanalar
- Etablere kontakt og samarbeide med andre bygdelag/organisasjonar som arbeider med liknande prosjekt
- Kartlegge bedrifter, arbeidsgivarar og jobbmuligheiter
- Legge til rette for næringsutvikling, kontakte potensielle gründerar
- Kartlegge bustader (leige/eige)
- Kontakte eigarar av hus som kan vere til sals
- Kartlegge byggeklare bustadtomter
- Arbeide for å få lagt ut fleire tomter
- Legge til rette for bygging av hytter/fritidshus
- Delta i kommunalt utviklingsprosjekt («Nordøyvegen – møte vegen»)
- Delta på kurs/konferansar om samfunns- og næringsutvikling
- Arbeide for tilflytting – utflytta øyafolk og «framande»
- Samarbeid med Placement AS
- Bygging av hytte på toppen av fjellet Skulen
- Opparbeiding av sykkelsti på «baksida» av øya
- Utvide/oppgradere uteområdet ved skulen
-
Diverse trivselstiltak
Når det gjeld dei fire siste punkta, er det berre planlegging/administrasjon som kan reknast med i grunnlaget for tilskotsmidlar. Men for somme trivselstiltak (siste punktet) kan også gjennomføringa reknast med – til dømes arrangering av kafé.
Prosjektet ser kanskje litt «overambisiøst» ut, men det skal gå over tre år, og uansett må det eit krafttak til for å snu trenden og «skape utvikling og vekst» på øya, som er den overordna målsetjinga.
For meir detaljert informasjon:
Søknad til fylkesmannen
Budsjett og finansieringsplan
Utlysing av midlar frå fylkesmannen