Protokoll frå møte i Informasjonsgruppa 16.03.15
Møtet vart halde på Rolls-Royce Longva måndag 16. mars 2015. Møtestart kl. 19.45.
Desse var til stades: Trond Ravnestad, Ewa Piasecka, Andreas Flem, Tanja M. Otterlei, Marion H. Bergheim, Linda N. Vedeld, Odd Einar Molnes, Olav Skarstein og Knut G. Flem.
Knut Flem vart utnemnt til skrivar.
Sak 1. Namn på domene
Etter gjennomgang av ei rekkje innkomne framlegg vart domenenamnet flemsoy-skuloy.no samrøystes valt.
Sak 2. Nettstad
Eit døme på heimeside som Knut Flem hadde laga, vart gjennomgått og diskutert. Det vart bestemt at Trond Ravnestad og Knut Flem ordnar med domene og webhotell og startar å lage nettstaden.
Sak 3. Facebook-side
Det var semje om at Facebook skal takast i bruk som informasjonskanal for Øyrådet. Andreas Flem, Tanja Otterlei, Marion Bergheim og Odd Einar Molnes opprettar ei Facebook-side og arbeider vidare med korleis Facebook skal brukast.
Sak 4. Logo
Ewa Piasecka og Trond Ravnestad la fram kvart sitt utkast til logo. Det vart bestemt at Ewa sitt forslag skal brukast. Ho finpussar logoen i samråd med Linda Vedeld.
Til orientering: Infogruppa har laga eit forslag til pressemelding om Øyrådet som styret vil drøfte og bruke overfor avisene.
Neste møte vart bestemt til måndag 13. april 2015 kl. 20.00 på skulen eller Rolls-Royce.
Møtet slutt kl. 22.00.
Knut G. Flem
skrivar