Referat frå årsmøte i øyrådet for Flemsøy/Skuløy 28.februar 2018
Desse møtte: Uwe Kleinhans, Arnfinn Flem, Severin Longva, Karoline Urke Øines, Karianne Urke, Evy Hellebust Rogne, Johanne Flem, Grete Vindsnes, Mette Krogsæter, Ewa Piasecka, Birgit Fjelle, Jonny Austnes, Bjørn Longva, Gjertrud Longva, Anders Flem, Kåre Flem, Tanja Otterlei, Knut G. Flem, Lidvar Rogne.
- Godkjenning av innkalling og sakliste. Godkjent.
- Val av ordstyrar og referent.
Uwe Kleinhans vart valt til ordstyrar, og Tanja Otterlei var valt til skrivar. Evy Hellebust Rogne og Karianne Urke skriv under på årsmøteprotokollen. - Årsmelding. Årsmeldinga vart gjennomgått og godkjent med følgjande merknader:
a) Årsrapporten frå trivselsgruppa mangla liste over medlemmer. Desse har vore med i trivselgruppa 2017: Johanne Flem, Evy Hellebust Rogne, Karianne Urke, Grete Vindsnes, Jonny Austnes, Birgit Fjelle, Sigrunn Kjos, Arnfinn Flem, Camilla Flem, Judyta Bialkowska.
b) Under aktivitetar som Øyrådet har hatt, må det nemnast at Øyrådet var medarrangør av Storegga-seminaret i samarbeid med Haram kulturhistoriske lag. Overskotet frå seminaret skal gå til å gi ut ei bok med innhaldet i seminaret. - Rekneskap. Rekneskapen vart gjennomgått av leiar i økonominemnda. Til neste årsmøte vil ein gjerne ha oppkopiert ei oversikt over inntekter og utgifter. Rekneskapen vart godkjent av revisorane med nokre merknader.
Økonomigruppa har i forkant av årsmøtet hatt eit møte/kursing med revisorane, slik at bilagsføringa blir korrekt ført for ettertida.
Rekneskapen vart godkjent i årsmøtet.
Økonominemnda orienterte også om planane med Coop tilbygg, som har eiga prosjektgruppe. Bygget er på 90m2 og er kalkulert til 281.000 utan grunnarbeid. Byggesøknad er sendt til Haram kommune.
- Val
Gruppe: | Leiar | Nestleiar |
Bustad: | Jan Arne Longva | Joar Haram |
Trivsel: | Grete Vindsnes | Karianne Urke |
Økonomi: | Bjørn Longva | Knut G. Flem |
Informasjon: | Ewa Piasecka | Olav Skarstein |
Næring og tilflytting: | Uwe Kleinhans | Karoline Urke Øines |
Valnemnd: Roy Kolseth (leiar), Karoline Urke Øines, Severin Longva, Mette Krogsæter (vara) |
Revisorar: Olav Skarstein og Aage Flem |
Leiarane for gruppene utgjer styret i øyrådet med unntak av styreleiar, som skal veljast for seg sjølv. Nestleiar for gruppene er personleg vara i styret. Årsmøtet godkjende vala i gruppene.
Det har ikkje lukkast valnemdna å finne leiarkandidat før årsmøtet. Dermed må valnemdna jobbe vidare med dette. Styret må finne ny dato for ekstraordinært årsmøte når ein har funne leiarkandidat. Dette bør skje ganske snart etter påskeferien.
- Innkomne årsmøtesaker. Ingen innkomne saker.
- Informasjons/drøftingssaker:
– Fritidsprosjekt. Jan Arne Longva har laga ei liste over aktuelle prosjekt som det kan vere aktuelt å samordne aktivitet kring. (Sjå vedlegg) Øyrådet vil ta initiativ til eit møte med aktuelle lag som er aktuelle å involvere i dette.
– Vindmøller: Severin Longva oppmodar øyrådet om å undersøke korleis statusen er angåande vindmøller på Haramsfjellet.
– Coop-tilbygget: Dette blir ein uformell samlingsstad med toalett-fasilitetar og «kafe» etter sjølvbetjeningsprinsipp. Det vart diskutert litt rundt drifting av bygget. (T.d. vasking o.l) Fram til no er det bygging som har fokus. Ein må få i stand avtale kring drifta på eit seinare tidspunkt. Men ein reknar med at dette vil ordne seg greitt i samarbeid med Coop.
-Samarbeid med naboøyane: Nordøyvegen blir ein realitet, og mykje vil endre seg i framtida. Det er på tide å begynne å planlegge litt saman med dei andre øyane. Tanja Otterlei foreslo at øyrådet kontaktar Haram Nærings- og Innovasjonsstudio v/ Inger Synnøve Remme. Det er lurt å ha nokon utanfrå øysamfunna som kan hjelpe å organisere og kooridnere nokre møtepunkt. Årsmøtet syntest dette var ein god ide, og oppmoda styret om å gjere dette.
Skrivar:
Tanja Otterlei
_______________________
Underskrift på protokoll:
Karianne Urke Evy Hellebust Rogne
_______________________ ________________________
Vedlegg til informasjons/drøftingsak i årsmøtet (Sak 7)
Fritidsaktiviteter
- Tursti Gravplassen- Rogne Skule-Fjellfoten til Brandalsryggen-Djupedalen-Gravplass (Grøfte og gruse så det blir en tørr sti og lagt til rette for fungsjonshemma ). Totallengde ca 3500 m. Herav 460 m på Oskevegen.
- Tursti Støene – Nogva. Ruste opp eksisterende tursti Støene -trafostasjon ca 1170 m og Nogva-Skarveneset 600 m, med ny tursti Skarveneset – trafostasjon ( Gamleura) ca 1500 m.
- Tursti Halsane – Støene ca 1200 m ( Stikk Ut. Oppgradering? )
- Flem – Halsane ca 1600 m. Oppgradering?
- Halsevegen – til skogsgrensa på røra. Ca 1600 m. Grusing og grøfting?
- Veg Flem – Bergedalen ca 1700 m. ( Opprusting av veg, parkeringsplass v/Bergedalen )
- Bergedalen m/turstier og gapahuker.
- Tursti langs rørkanten til Skulen ca 3000 m. ( Planer? ) Tursti f/ parkering – rørkanten – ned til fjøs l/ dyrka stykk – parkering ca 2500 m
- Aktiverter i fjøs i Bergedalen ( Planer? )
- Flemsdemma m/ veg ca 600 m, gapahuk osv Tursti til fjøs ca 500 m. ( Planer? )
- Tilkomststier til Skulebua (Infotavler v/ småbåthamner, start stier? Vedlikehold stier? )
- Larsdemma ( Kutte ned gras på høsten? )
- Grillhytta v/ fjøra ( Rydding i skogen? )
- Idrettsplassen m/skuleområdet ( Planer, tiltak? )
- Badeplass Sandvika ( Planer? )
- Rognebana( Planer? )