Referat frå møte i bustadgruppa den 15.01.2018
Stad og tid: Flem Skule kl 20:00
Til stades: Arne Vedeld, Joar Haram, Terje Slyngstad, Per Kristian Klokk, Jan Arne Longva. Forfall: Terje Davik
Sak 1/18 Forslag til valg
Leiar Jan Arne Longva og nestleiar Joar Haram tek gjenvalg om årsmøtet aksepterer dette. Fleire yngre medlemmer og gjerne bedre kjønnsfordeling bør prioriterast i bustadgruppa.
Sak 2/18 Arealplan
Jan Arne orienterte frå møte med kommunen om forslag til bruk av felles/fritidsområde.
Kommunen regnar med å legge fram eit forslag til arealplan etter ferien og vil halde orienteringsmøte om arealplan ut på høsten.
Sak 3/18 Felles/fritidsområde
Det bør oppsettast plan for prioritering av prosjekt som Øyrådet vil gjennomføre ut frå innspel til arealplan.
Sak 4/18 Årsmøte i Øyrådet:
Ein bør på forhånd legge til rette for at kandidatar til alle verva er på plass. Dermed er det ikkje fare for å bli valgt om ein møter opp på årsmøte. Kansje fleire kan lurast ut av stova og diskutere tiltak til beste for øya.
Møtet slutt kl 21:30
Leiar
Jan Arne Longva