Referat frå møte i Infogruppa 03.02.16
Møtet var på Flem skule og starta kl. 18.00.
Desse møtte: Ewa Piasecka, Odd Einar Molnes, Tanja M. Otterlei, Linda N. Vedeld, Marion Bergheim, Olav Skarstein, Trond Ravnestad, Knut. G. Flem og Andreas Flem.
Sak 1. Vurdering av folkemøtet 26. februar
Oppsummering:
- Lidvar sin informasjon om Øyrådet var kort og grei; det var andre tema som var i fokus denne gongen.
- Sekvensen om Nordøyvegen var nyttig og interessant. Prosjektleiar Marianne Nærø framstod som dyktig og kunnskapsrik og la fram informasjon som ikkje var så kjent frå før og som gav perspektiv på storleiken av prosjektet.
- Innlegget til Gert Rietman frå Placement var òg interessant og gav god informasjon både om kva krav som vert stilt til folk som vert «henta» til Noreg, og kva som vert forventa at lokalbefolkninga gjer for å ta vel imot innflyttarane og bidra til ei god integrering.
Sak 2. Årsmelding
Eit utkast til årsmelding vart lagt fram på møtet. Denne skal bli del av Øyrådet si årsmelding. Med ei endring av antal møte frå fem til sju vart framlegget vedteke.
Sak 3. Gjennomgang av instruks for Infogruppa
Nye/reviderte instruksar for dei ulike gruppene er behandla og vedtekne i styret. Instruksen for Infogruppa vart gjennomgått. Det var ikkje merknader til instruksen.
Sak 4. Ny side på nettstaden
Etter forslag frå Knut vart det bestemt å starte ei ny side som skal innehalde informasjon om ting som skjer på øya. Den skal fungere som ein blogg slik at nyaste innlegg ligg øvst. Denne sida skal vere startside slik at besøkande ser at her er nyhende straks dei landar på sida. På denne måten vil nettstaden bli meir interessant og truleg få meir besøk.
Det vart ein diskusjon om kva slags stoff som skal på denne sidan, utan at det vart konkludert. Det var semje om å halde fram diskusjonen på Infogruppa si side på Facebook, og at ein kan prøve seg fram i starten for å sjå korleis ting fungerer.
Stoff til denne sida kan gjerne leverast til Knut som vil legge det inn.
Sak 5. Engelsk versjon
Det var semje om at informasjon på engelsk må ut på heimesida. Det beste er truleg å lage ein eigen engelsk versjon og koble den til den norske. Den engelske sida vil ha mindre stoff enn den norske. Utfordringa blir nok å finne folk som har gode engelskkunnskapar og tid til å gjere skrivearbeidet.
Sak 6. Val av leiar, nestleiar og skrivar
Samrøystes vedtak: attval av Tanja som leiar, Trond som nestleiar og Knut som skrivar.
Sak 7. Info frå fleire lag
Det er framleis mange lag og foreiningar som ikkje har levert stoff til «lagssidene». Andreas tek fatt på ei ny runde og prøver å få inn meir. Knut legg ein link på Facebook-sida til lagssidene og oppmodar folk om å levere stoff til Andreas.
Sak 8. Promotering av «Vårfesten»
Vårfesten er meint å vere for alle aldersgrupper (nedre aldersgrense 15 år). Det er difor viktig å få ut informasjon/reklame som appellerer til eit breiast mogleg publikum. Må få fram at dette er noko anna enn ein vanleg dans, og for den eldre garde må vi få fram at musikken er av «lokale heltar» med gode, gamle evergreens og med moderat lydstyrke.
Trond vil lage plakat og Knut vil prøve å lage informasjon til nettsida og Nordre.
Møtet slutt kl. 19.05
Referent: Knut G. Flem