Referat frå møte i Informasjonsgruppa 08.06.15
Stad og tid: Flem skule kl. 20.00
Medlemer til stades:
Trond Ravnestad, Tanja M. Otterlei, Ewa Piasecka, Olav Skarstein, Marion H. Bergheim, Andreas Flem og Knut G. Flem
Forfall: Odd Einar Molnes og Linda N. Vedeld
Sak 1. Logo
Etter mange utkast og mykje diskusjon har Ewa og Trond sluttført arbeidet med ein logo for Øyrådet som gruppa sa seg nøgd med. Logoen er enkel med reine linjer og er laga i format som kan brukast i dei fleste samanhengar – på nettside, brevark, bilete, trykksaker m.m.
Sak 2. Brevmal
Trond hadde laga eit utkast til brevmal for Øyrådet som gruppa vedtok å anbefale til styret. Eit forslag om å flytte «brevhodet» litt nærare toppen av arket vert vurdert av Trond.
Sak 3. Heimesida
- Eit forslag til fotoalbum og «slideshow» av diverse bilete frå øya vart diskutert og godkjent. Justeringar kan bli gjort seinare. For at bileta ikkje skal bli for «tunge» (slik at dei blir trege å laste) bør dei ikkje vere meir enn 800 – 900 pixlar lange.
- Sidene om friluftsliv treng fleire bilete, og medlemene i infogruppa prøver å levere fem bilete kvar.
- Det manglar enno opplysningar frå mange lag og foreningar, men det vart bestemt å legge inn namn på alle lag på «listesida» og så fylle på med informasjon etter kvart som det kjem.
- Knut har så smått teke til å emne på ei side (eller fleire) om øyahistorie. Kunsten her blir å begrense seg og gjere stoffet interessant for folk flest.
- Eit forslag frå Knut om å lage ei side for kunngjeringar, der folk kunne legge ut «annonser» om alt frå årsmøte til etterlysning av katten, var det ikkje stemning for.
c
Sak 4. Facebook
Facebook-sida ser ut til å fungere bra. Alle i gruppa har tilgang til å legge ut stoff. Alt som vert lagt ut går automatisk inn på ei eiga side på nettstaden, slik at folk som ikkje brukar Facebook kan få med seg «siste nytt» på heimesida.
Sak 5. Turistbrosjyre
Tanja hadde fått tak i eit eksemplar av Lepsøya si turistbrosjyre, og det var semje om å lage ei liknande til neste sommar. Ewa undersøkjer pris på trykking av brosjyre i Polen.
Sak 6. Stand på HaNo-messa
Styret har bestemt at Øyrådet skal delta på HaNo-messa, eventuelt i samarbeid med Haramsøy og Lepsøy, og gruppene er oppmoda om å kome med innspel på kva dei kan bidra med. Frå Infogruppa kan det vere aktuelt å bruke heimesida, til dømes for å vise bilete/slideshow, eller andre ting som kart over ledige bustadtomter. T-skjorte med logo pluss ei eller anna form for informasjon vart òg nemnt.
Det var semje om at i tilfelle samarbeid om ein stand med andre øyar bør ein ha eit felles fokus, få fram at det skjer mykje positivt på øyane, men også presentere oss sjølve og det vi driv med i Øyrådet.
Å bruke Nordøyvegen som felles «plattform» på ein øyastand har vore nemnt, og i så fall hadde det vore spektakulært med ein animasjonsfilm av ein bil som køyrer Nordøyvegen frå Finnøya til Skjeltene.
Vi vil òg lage ei lita brosjyre om Øyrådet og aktiviteten her – litt informasjon i forkant av HaNo-dagane som kan delast ut på ferje, båt og butikkar. Ewa og Olav lagar brosjyre, og Ewa undersøkjer trykkepris i Polen.
Under eventuelt:
Sak 7. Mal for møtereferat
For at det skal bli nokolunde lik form på referata frå møta i gruppene (og styret), og for å sikre at alle vesentlege element kjem med, bør det utarbeidast ein mal for møtereferat. Knut lagar eit forslag til mal.
Neste møte i Infogruppa vert 24. august 2015 kl. 20.00 på Flem skule.
Møtet slutt kl. 21.55.
Referent: Knut G. Flem